Annonse
Vel opsjon for Ørsta ungdomsskule-tilbygg

Vel opsjon for Ørsta ungdomsskule-tilbygg

Publisert:

Kommunedirektøren har tildelt PEAB Nordang AS oppdraget med utviding av Ørsta ungdomsskule, som vinnar av anbodskonkurransen og tildelingskriteria som låg til grunn, og med ei ramme på 65 millionar kroner.

Sett under tiltale for ei rekkje lovbrot

Sett under tiltale for ei rekkje lovbrot

Publisert:

Ein mann i slutten av 40-åra frå Volda er sett under tiltale ved Søre Sunnmøre tingrett for å ha brote ei lang rekkje lover over fleire år.

– Neste år kjem vi tilbake med vår beste festival nokosinne!

Pandemien la dempar på Dokfilm 2021:

– Neste år kjem vi tilbake med vår beste festival nokosinne!

Publisert:

Årets Dokfilm-festival vart annleis pga. koronapandemien, men prisutdeling vart det likevel. «Odelsgutt og fantefølge» vann prisen for beste langdokumentar, «Do not split» vann for beste kortdokumentar og «Fuckings adoptert» vann student-dok-prisen.

- Ikkje lenger forsvarleg å drifte alle skulane

Krise i Ørstaskulen

- Ikkje lenger forsvarleg å drifte alle skulane

Publisert:

Det var ein svært uroa og lei skulesjef som gjekk på talarstolen i levekårsutvalet i Ørsta. – Ved Velle er drifta uforsvarleg og ved Vikemarka er det krise. Det har gått bratt utforbakke dei siste åra, og no er det ikkje lenger forsvarleg å halde fram å drifte alle skulane i Ørsta.

Bråk frå russebilar

Bråk frå russebilar

Publisert:

Natt til laurdag melde politiet om bråk frå russebilar.

Kommunen positiv til privat sti-utbetring

Kommunen positiv til privat sti-utbetring

Publisert:

Volda kommune tok nyleg imot ein søknad frå oppsitjarar i Bøgardsvegen/Plassevegen om løyve til å utbetre ein sti i området. No har dei fått positivt svar:

- Vi veit at elevar rusar seg jamleg

Rusteamet ved Volda vgs. er uroa:

- Vi veit at elevar rusar seg jamleg

Publisert:

Rusteamet ved Volda vidaregåande manar til varsemd og merksemd rundt russefeiringa. - Det er ikkje snop alt som ser ut som snop, og det er heller ikkje «standardvarer» alle dei ulovlege rustablettar som sirkulerer i store mengder.

AstraZeneca-vaksinerte får tilbod om mRNA-vaksine som dose 2

AstraZeneca-vaksinerte får tilbod om mRNA-vaksine som dose 2

Publisert:

Regjeringa har følgt Folkehelseinstituttet si tilråding om at alle som har fått første dose med AstraZeneca-vaksinen får tilbod om ei mRNA-vaksine som dose 2.

Ny musikk frå Voldagruppa Mju

Ny musikk frå Voldagruppa Mju

Publisert: - Oppdatert: 23.04.2021 kl 11:08

Vokalgruppa Mju frå Volda lanserer fredag 23. april dei to første songane frå det nye albumet deira, Mju:Son. Songane Ved horisonten og Marions draum peikar begge fram mot sommar og varmare tider.

15 tonn fisk i vegbana på Vartdalsstranda

E39 opna att etter:

15 tonn fisk i vegbana på Vartdalsstranda

Publisert: - Oppdatert: 23.04.2021 kl 08:58

Torsdag ettermiddag melde politiet at ein trailer miste mellom 10 og 15 tonn fisk, som ligg i vegbana og grøfta på E39 Vartdalsstranda ved Flåskjer. Etter uhellet danna det seg lange køar på begge sider av fiskeberget.

NLM Gjenbruk med store planar i Volda

NLM Gjenbruk med store planar i Volda

Publisert:

Norsk Luthersk Misjonssamband har store planar i Volda. Dei har kjøpt lokale for 12 millionar, og flyttar gjenbruksbutikken sin frå Ørsta til Volda.

17. mai feiring basert på gjeldande råd og reglar

17. mai feiring basert på gjeldande råd og reglar

Publisert:

- All planlegging og gjennomføring av 17. mai-feiringen skjer lokalt. Det er den enkelte kommune, i samråd med 17. mai-komiteen og kommuneoverlegen, som må ta stilling til hvordan feiringen skal skje, basert på gjeldende råd og regler, sa Regjeringa under pressekonferansen dei hadde torsdag ...

Coop Nordvest SA med rekordresultat

Volding inn i styret:

Coop Nordvest SA med rekordresultat

Publisert:

Coop Nordvest SA kan leggje fram sitt beste resultat nokosinne etter rekordomsetning på 5,77 milliardar kroner. Samstundes er voldingen Marius Søvik frå OBS Bygg Volda valt inn som tilsetterepresentant i styret til Coop Nordvest.

Bygdepride både vår og haust

Bygdepride både vår og haust

Publisert:

Bygdepride Volda/Ørsta har bestemt seg for å dele arrangementet mellom vår og haust. I mai vert det arrangement med god avstand og filmlansering. I oktober vert det m.a. regnbogemesse.

- Løysinga for eit smartare auditorium

Ørsta-bedrift med digital produktlansering:

- Løysinga for eit smartare auditorium

Publisert:

Fora Form lanserer ein ny auditoriestol - Arena. Stolen tek sikte på å gjere prosessane rundt amfi meir effektive med auka fleksibilitet og forenkla montering.

To fekk bøter i Kløvertunvegen

To fekk bøter i Kløvertunvegen

Publisert:

To bilførarar har fått bøter etter å køyrt mot innkøyring forbode-skilt i Kløvertunvegen i Volda.

Skisentera stenger for sesongen

Skisentera stenger for sesongen

Publisert:

Alle dei tre lokale skitrekka stenger for sesongen.

Arbeidsmiljøpris til Vartdal Helsetun

Arbeidsmiljøpris til Vartdal Helsetun

Publisert:

Arbeidsmiljøprisen i Møre og Romsdal 2021 går til Vartdal Helsetun i Ørsta kommune.

Steinras ved Geislida

Fv. 5891 er stengt:

Steinras ved Geislida

Publisert: - Oppdatert: 21.04.2021 kl 14:39

Statens vegvesen melder at Fv. 5891 er stengt etter steinras ved Geislida.

Nytt smittetilfelle i Ørsta

Nytt smittetilfelle i Ørsta

Publisert:

Onsdag formiddag har Ørsta kommune fått melding om ei ny positiv prøve på Covid-19.

Positive til utviding av Alti kjøpesenter

Positive til utviding av Alti kjøpesenter

Publisert:

Embark AS har, på vegne av Alti Ørsta, varsla oppstart av privat detaljregulering for Alti Ørsta. Føremålet er å legge til rette for utbygging av eksisterande kjøpesenter til eit meir fullverdig sentrumstilbod med funksjonsblanding og bustader.

Rørt av ekte sunnmørsk smisk

Gabriel Fliflet:

Rørt av ekte sunnmørsk smisk

Publisert:

Radarparet Gabriel Fliflet og Ole Hamre har spelt saman i 30 år. Laurdag gjesta dei Ivar Aasen-tunet med sin vesle jubileumskonsert. Med seg hadde dei gjesteartist Bjørn Tomren. Det vart ei energibombe av ein konsert, og publikum storkosa seg.

Stengde tunnelar etter ulukke på Eiksundsambandet

Tysdag kveld:

Stengde tunnelar etter ulukke på Eiksundsambandet

Publisert:

Tysdag kveld kl. 23.18 melde Vegtrafikksentralen Midt at Morkaås- og Helgehorntunnelen på Fv 653 Eiksundsambandet var stengde etter eit trafikkuhell.

Digital prisutdeling under Dokfilm 2021

Avlyser fysisk festival:

Digital prisutdeling under Dokfilm 2021

Publisert:

Etter råd frå Volda kommune har arrangørane avlyst den fysiske delen av Dokfilm 2021. I staden vert det digital prisutdeling.

No kan lag og organisasjonar søkje «Eldsjelfond»

No kan lag og organisasjonar søkje «Eldsjelfond»

Publisert:

Sparebanken Vest-kundane i Møre og Romsdal og Nordfjord får i dag 9,2 millionar kroner i kundeutbytte frå banken sitt overskot i 2020.