Klargjør siden...
Større butikk og betre utval

Større butikk og betre utval

Publisert:

Leikeland på Alti i Ørsta utvidar både butikklokala og sortimentet. Snart blir det meir å finne av både barneutstyr og hobbyartiklar.

Høgt sjukefråvær i Volda kommune

Høgt sjukefråvær i Volda kommune

Publisert:

Volda kommune har hatt store utfordringar med sjukefråvær etter nyttår. Ifølgje personalsjef Berit Lyngstad var i overkant av 10 prosent av dei tilsette borte i januar.

– Eg likar å uttrykkje meg gjennom kunst

– Eg likar å uttrykkje meg gjennom kunst

Publisert:

På Volda vidaregåande skule har 40 elevar fordelt på tre trinn valt utdanningsprogrammet «Kunst, design og arkitektur». Veka før vinterferien hadde dei Kunstveke. Då var alle dei andre faga rydda vekk, og elevane kunne fordjupe seg i programfaga.

Annonse
Annonse
Annonse
Fordømmer invasjonen av Ukraina

Fordømmer invasjonen av Ukraina

Publisert:

Eit samrøystes fylkesutval vedtok i dag ei fordømming av Russland, og uttrykkjer samtidig deira djupaste solidaritet med det ukrainske folket.

Kollisjon på veg av ferja

Kollisjon på veg av ferja

Publisert:

Måndag formiddag har ein lastebil kollidert med ein personbil på ferjelemmen på veg av Folkestad-ferja.

Framleis ubesigra

Framleis ubesigra

Publisert:

KFUM Volda Volleyball sitt damelag har spelt to kampar i Oslo denne helga, og er framleis ubesigra i årets sesong.

- Rørande og godt med utstilling

- Rørande og godt med utstilling

Publisert:

Ørstingen Helge Jarle Krøvel-Velle var ein lovande kunstnar som døydde alt for tidleg. Dei fire søskena hans, onkelborn, slektningar og andre fekk sjå nesten alle bilda hans samla igjen på Ørsta kunsthus fredag. Det vart ei god og rørande oppleving.

Ikkje påverka av gratis kjernetid

Ikkje påverka av gratis kjernetid

Publisert:

Korleis kan det ha seg at gratis kjernetid i SFO fører til at FFO i Ørsta mister søkjarar, medan FFO i Volda klarer seg fint?

– Få oss tilbake til Volda filmteater!

– Få oss tilbake til Volda filmteater!

Publisert:

No når den nye kinoen i Volda er opna, håpar filmentusiast Gunnar Strøm at det vil bli jobba for å få flest mogleg til å bruke den. – Alt for få har brukt kinoen i Volda dei siste åra. Det må vi gjere noko med.

Ungdom søkjer villmark

Ungdom søkjer villmark

Publisert:

Fleire unge ønskjer å oppleve naturen og lære meir om friluftsliv, ifølgje Den Norske Turistforening (DNT).

Fekk revansje

Fekk revansje

Publisert:

Gjennom dei fyrste 19 kampane av den inneverande handballsesongen har Volda sitt damelag vore tilnærma ubeseira. Det einaste laget som har slått dei, er Porsgrunnslaget Pors. Søndag møtte Volda nettopp dette laget, og Volda kunne få sin revansje.

– Gode utsikter for våren

– Gode utsikter for våren

Publisert:

Etter ei periode med kaldt og tørt ver, vert det no mildare og meir nedbør. – Det lovar godt for straumprisane utover våren, seier avdelingsleiar for krafthandel i Tussa Energi, Tor Wilhelm Havåg.

Maks 15 kilo fisk

Maks 15 kilo fisk

Publisert:

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal tilrår at utførselskvoten for turistfiske vert redusert frå 18 kilo til 15 kilo fisk, to gongar per år. Ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet har tilrådd ein kvote på 10 kilo fisk, to gongar per år.

Måtte hentast ut

Måtte hentast ut

Publisert: - Oppdatert: 23.02.2025 kl 20:02

– Start planlegginga tidlegare enn vi gjorde

– Start planlegginga tidlegare enn vi gjorde

Publisert:

Fram til for om lag to år sidan budde pensjonistane Liv og Jarle Dalebø i ein stor einebustad på toppen av Volda. Eit hus Jarle hadde vore med både å teikna og bygd på 70-talet.

Inviterer til jakt på erke-sunnmøringen

Inviterer til jakt på erke-sunnmøringen

Publisert:

DNA blir tema når Slekt og Data Søre Sunnmøre skal ha møte i Ulsteinvik i neste veke, og DNA-slektsgranskar frå Volda, Gunnar Sigve Aurdal, kjem for å snakke om temaet.

Herleg kaos

Herleg kaos

Publisert:

Medan nokre koser seg i fjellet i vinterferien har andre det gøy på fotballbana. Men det er godt å ha eit innomhus alternativ når snøen uteblir og gradestokken kryp nedover.

Frå danske sletter til norske fjell

Frå danske sletter til norske fjell

Publisert:

Dante, ein 26 år gamal masterstudent i Volda, opplever eit unikt Erasmus-opphald. Mellom studiar, sport og friluftsaktivitetar trivst han midt i den spektakulære norske naturen.

Første quiz på ny stad

Første quiz på ny stad

Publisert:

I den nye foajéen til Volda filmteater vart det fredag arrangert quiz for første gong. Ideen kom frå seksjonsleiar Line Malvik, men det var kulturvert Martin Sørvold som hadde førebudd og gjennomførte opplegget.

Frå gardsdrift til entreprenørskap

Frå gardsdrift til entreprenørskap

Publisert:

Ingvald Skårland (55) har alltid vore ein gardsgut. Han vaks opp på ein gard i Bjerkreim kommune i Rogaland, der han treivst godt. Etter å ha reist rundt i Noreg slo han seg til ro i Volda. I 1987 byrja han som avløysar i Dalsfjorden, og i 1999 kjøpte han Sjurgarden i Velsvika på Lauvstad....

Krev opprydding

Krev opprydding

Publisert:

På sambandet mellom Volda og Folkestad er det framleis berre beredskapsferje mellom 1. desember og 15. april. No krev Møre og Romsdal Fylkeskommune at Regjeringa ryddar opp og klargjer ansvaret når det gjeld beredskapsferjer.

Mindre vald og trugslar

Mindre vald og trugslar

Publisert:

Det er registrert totalt 187 HMS-avvik i Volda kommune i 4. kvartal 2024. Året før var det i same periode registrert totalt 206 HMS-avvik.

Må få ned langtidsfråværet

Må få ned langtidsfråværet

Publisert:

Volda kommune har samla for 2024 hatt eit sjukefråvær på 10,19 prosent. Det er høgare enn året før, men lågare enn i 2022.

– Eit bananskal

Trur på tøff kamp mot Pors:

– Eit bananskal

Publisert:

Volda-trenar Reidar Møistad trur det vert ein tett og tøff kamp når laget hans tek imot Pors på heimebane komande søndag. – Pors har slått alle tre topplaga, og vårt einaste tap kom mot dei.

Ber om 36 millionar

Ber om 36 millionar

Publisert:

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid, no ber medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om pengar til eit nynorsk kulturløft.

Annonse