Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 12.07.2022 kl 07:00
For Møre og Romsdal si tropp: To jenter og to gutar frå Volda, vart plukka ut til å spele Noregsmeisterskap i strandvolleyball for regionslag.
Publisert: 11.07.2022 kl 09:17
Måndag morgon rykte Volda brann og redning ut til brannalarm ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 10.07.2022 kl 18:00
Lauvstad musikkorps har vore på tur til Tyskland.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 10.07.2022 kl 20:00
NVE sender revisjon av konsesjonsvilkåra for Åmelavassdraget ut på offentleg høyring etter at Åheim Elveeigarlag har sett fram krav om høgare minstevassføring i Åheimselva i Vanylven.
Publisert: 10.07.2022 kl 13:00
Generalforsamlinga i brukryssingselskapet Voldsfjordkryssing AS har valt nytt styre og utvida samstundes styret frå fem til sju medlemmar.
Publisert: 09.07.2022 kl 20:00
Tala frå SSB er ingen fasit, men alt tyder på at Volda er på veg i rett retning. Dei betyr også at Volda er i ferd med å utvikle seg til fjerde byen i fylket, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 09.07.2022 kl 19:00
Stein Aam ser at tale til SSB viser at sentraliseringa held fram, byane veks og distrikta taper. Trass SSB sin spådom om nedgang i Ørsta, så seier han at dei kjem til å ha vekst.
Publisert: 09.07.2022 kl 18:00
Fram til 2050: Prognosane som SSB har sett fram før held fram. Volda er venta å få ein folketalsvekst langt over snittet i Møre og Romsdal. Noko som fører til at Volda vert femte største kommunen folketalsmessig i fylket. I Ørsta vert folketalsveksten negativ.
Publisert: 09.07.2022 kl 16:30 - Oppdatert: 09.07.2022 kl 16:37
I 14.30-tida laurdag køyrde ein bil utfor vegen ved Sætre på Vartdalsstranda.
Publisert: 09.07.2022 kl 13:00
Volda kommune har sendt kommuneplanen sin samfunnsdel ut til høyring og offentleg ettersyn.
Publisert: 08.07.2022 kl 18:00
Fotballkeeperen på biletet i Møre på laurdag er onkelen min, Georg Heggedal.
Etter badeulukka på Årneset vurderer Volda kommune kva ein skal gjere med flytebrygga med stupetårn som ligg ved badeplassen. – Det kan vere aktuelt å fjerne stupetårnet, eller fjerne heile flytebrygga, seier ordførar Sølvi Dimmen. – Men eg håper vi kan behalde flytebrygga og flytte...
Publisert: 08.07.2022 kl 16:05 - Oppdatert: 08.07.2022 kl 16:27
Gann er eit skuleskip som er ein offentleg godkjent vidaregåande friskule. Det består av sjølve skipet, MS Gann, og eit skuleanlegg på land, skriv Gann på si eiga nettside.
Publisert: 08.07.2022 kl 13:00
Voldastudenten Ine Høstmælingen Jensen (23) valde ein utradisjonell reisemåte då ho skulle heim etter semesterslutt i år.
Publisert: 03.07.2022 kl 07:00
Karl Erik Rønnestad gir seg som dagleg leiar i Cubus Volda etter 37 år. I løpet av sommaren flyttar han til Molde, men Volda vil alltid vere hans andre heim. – Eg gler meg til å følgje med vidare på den fantastiske utviklinga i Volda.
Publisert: 07.07.2022 kl 20:00
Søndag 3. juli arrangerte Volda golfklubb, Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open. Det var konkurrert i både Stableford og brutto.
Publisert: 07.07.2022 kl 18:00
Eg blir like rørt kvar gong under avslutningsnummeret, sjølv om eg har sett det fleire gonger før, seier Solveig Hjelmeset.
Publisert: 07.07.2022 kl 16:30
Vik Ørsta investerer 17 millionar kroner i ny profillaser til fabrikken i Hovden.
Publisert: 07.07.2022 kl 15:05 - Oppdatert: 07.07.2022 kl 15:08
Volda kommune har fått melding frå Skatteetaten at det planlagde symjeanlegget ikkje blir godkjent som opplevingssenter.
Publisert: 07.07.2022 kl 15:40
Utrykkingspolitiet har skrive ut 19 fartsbøter under ein kontroll i Hornindal torsdag ettermiddag.
Publisert: 07.07.2022 kl 13:00
Sist laurdag var det ei samling av folk i alle alder på område til Ulvestad barneskule sit uteområde. Det var Dillan Robins, frå Australia som tok initiativ via Lauvstad og Velsvik Grendeutval. Robins er sambuar med Aina Fløtre og dei bur på Nakken på Lauvstad, saman med sonen deira Dexter.
Publisert: 06.07.2022 kl 20:00
Stortingsrepresentant Frank Sve er bekymra for næringslivet i fylket under Sp si leiing.
Publisert: 06.07.2022 kl 18:00 - Oppdatert: 07.07.2022 kl 14:05
Under Trandal bluesfestival får både lokale band og internasjonale stjerner vist seg i spektakulære omgivnader. Alle blir tekne i mot på den same varme måten.
Publisert: 06.07.2022 kl 13:25 - Oppdatert: 06.07.2022 kl 13:30
Khrono melder om ny uro ved mediefaga ved Høgskulen i Volda. Professor i mediefag, Svein Brurås, som har vore tilsett ved HVO i over 30 år har sagt opp og sendt varsel til Arbeidstilsynet.
Publisert: 06.07.2022 kl 14:30
Volda kommune varslar at dei vil gjere tiltak for å sikre badeplassen på Årneset etter badeulykka 29. juni.