Annonse
Politiet aksjonerte mot råning

Politiet aksjonerte mot råning

Publisert:

Laurdag kveld og natt til søndag var det registrert mykje råning i Ørsta sentrum.

Vil skape eit inkluderande gamingmiljø i Volda

Populært gaming-tilbod i haustferien

Vil skape eit inkluderande gamingmiljø i Volda

Publisert:

I haustferien har Volda E-sport arrangert gaming-veke, eit lågterskeltilbod for barn og unge, utan krav om pengar eller ferdigheiter. E-sport veks kraftig i popularitet både nasjonalt og globalt, og Volda E-sport ynskjer å skape eit større og meir inkluderande gamingmiljø i Volda.

Vil starte fiskeoppdrett ved Alida og Støylen

Sunnmøre Torsk AS:

Vil starte fiskeoppdrett ved Alida og Støylen

Publisert:

Sunnmøre Torsk AS (STAS) planlegg etablering av to nye akvakulturlokalitetar for matfisk av torsk ved Alida og Støylen i Volda kommune, og søkjer no om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel.

Rekordmange påmelde til VM i tennis

Rekordmange påmelde til VM i tennis

Publisert:

Eit rekordstort felt på seksten deltakarar var påmelde til årets Voldameisterskap (VM) i tennis.

– Dette funnet er sjeldnare enn gudehovet

Fleire teikn til religiøs aktivitet ved Ose

– Dette funnet er sjeldnare enn gudehovet

Publisert:

Arkeologane har funne spor etter fleire tidsaldrar ved Ose. Det eldste bygget, eit langhus, er frå seinromersk tid, og inne i dette bygget er det funne merker etter ein stor sirkel. Dette tyder på at huset er brukt som offerstad, og at religion har stått sentralt ved Ose-garden i lengre tider.

To kranglefantar  sende heim

To kranglefantar sende heim

Publisert:

Natt til laurdag måtte politiet vise bort to menn som krangla frå Ørsta sentrum.

Håpar at gjevargleda er like stor sjølv om innsamlinga vert digital

«Et hav av muligheter» – TV-aksjonen 2020:

Håpar at gjevargleda er like stor sjølv om innsamlinga vert digital

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:10

Med digitale bøsser og ringeaksjon håper kommunekomiteen for TV-aksjonen i Volda at gjevargleda er like stor som tidlegare år. – Eit av måla er å slå Ørsta, litt sunn konkurranse er berre bra, slår dei fast.

Ber fylkeskommunen ta over Dalsfjordkryssing

Ber fylkeskommunen ta over Dalsfjordkryssing

Publisert:

Volda formannskap ber no Møre og Romsdal fylkeskommune ta over og drive fram prosjektet Dalsfjordkryssing, då dette vil vere eit fylkesvegprosjekt.

Enno ikkje lagt ut for sal

Næringsområdet på Øvre Rotset:

Enno ikkje lagt ut for sal

Publisert:

Medan det snart er klart for bygging av ny Rema 1000- og Europris-butikk på andre sida av E39, er resten av næringsområdet på Øvre Rotset enno ikkje lagt ut for sal. Området er ferdig opparbeidd, og tomtene er byggjeklare.

Gir byggjeløyve til ny butikk på Øvre Rotset

Gir byggjeløyve til ny butikk på Øvre Rotset

Publisert:

Volda kommune har gitt byggjeløyve til nytt næringsbygg på Øvre Rotset. Selskapet Emineo skal føre opp bygget som skal huse mellom anna Rema 1000 og Europris.

– Dette er eit utruleg løft for bygda

Ny gardsveg og skogsbilveg ved Krøvelen:

– Dette er eit utruleg løft for bygda

Publisert:

Etter 15 år med arbeid er det nye vegprosjektet ved Krøvelen i Åmdalen ferdig. – I dag er eg rørt. Det har vore eit langt arbeid, utruleg mange dørstokkar og motbakkar heile vegen, men i dag er det ein gledas dag, seier Petter Bjørdal.

Skåla til gudane saman med arkeologane

Skåla til gudane saman med arkeologane

Publisert:

«Skål for Jord og Odin, og alt som ligg i jorda og ventar på å få kome opp. Til år og fred!».

Ny koronasmitte i Ørsta

Ny koronasmitte i Ørsta

Publisert:

Ein person har testa positivt for koronasmitte i Ørsta. Personen har vore på reise i raudt land.

- Auka kostnadar et opp handlingsrommet

Statsbudsjettet 2021:

- Auka kostnadar et opp handlingsrommet

Publisert:

I statsbudsjettet 2021 vert Volda kommune utpeika som ein av vinnarane når det kjem til veksten i frie inntekter, men kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard, meiner veksten vert eten opp av aukande utgifter og underfinansierte reformar.

Segnene fortel om fleire storkarar frå vikingtida

Er det Grim Ose sitt gudehov som er funne?

Segnene fortel om fleire storkarar frå vikingtida

Publisert:

Gunnar Ellingsen har dykka ned i dei historiske kjeldene og funne segner som fortel om bygdehøvdingar og storkarar frå vikingtida. Ei av segnene skildrar at folk gjekk til kyrkje i Volda lenge før Ørsta var befolka - men akkurat det er nok berre rein ynskjetenking.

To nye koronasmitta i Stryn

To nye koronasmitta i Stryn

Publisert: - Oppdatert: 08.10.2020 kl 16:01

To personar som bur i Stryn kommune har fått påvist koronasmitte. Begge skal ha blitt smitta på reise.

250 000 i koronastøtte frå Sparebanken Vest

250 000 i koronastøtte frå Sparebanken Vest

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:10

Seks lag og foreiningar har så langt fått støtte frå Sparebanken Vest sitt Korona-fond. Det er opna for fleire søknader og tildelingar utover hausten.

Vil ha inn tilbod på bryggje

Vil ha inn tilbod på bryggje

Publisert:

Volda kommune vil no ha inn tilbod på bygging av den nye fiske/badebryggja på Andaneset.

Volda ein inntektsvinnar

Statsbudsjettet 2021 for Møre og Romsdal:

Volda ein inntektsvinnar

Publisert:

Finansminister Jan Tore Sanner (H) la onsdag fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021. Budsjettet inneheld ein auke i dei frie inntektene til kommunane, og i Møre og Romsdal er Volda vinnaren med ein auke på 4,4 prosent.

Ingen pengar til utstyr i mediebygget

Ingen pengar til utstyr i mediebygget

Publisert:

Det er ikkje sett av pengar i statsbudsjettet til utstyr i det nye mediebygget til Høgskulen i Volda. – Skuffande, seier rektor Johann Roppen. Han håpar likevel det kan kome ei løysing i budsjettforhandlingane.

Vil bruke koronastøtte på innhald og gjestar

Vil bruke koronastøtte på innhald og gjestar

Publisert:

Kulturminister Abid Q. Raja offentleggjorde i dag at Nynorsk kultursentrum får 605 000 kr i ekstra koronastøtte våren 2021. Stiftinga nyttar det auka handlingsrommet til å gjere meir nynorsk innhald tilgjengeleg digitalt og fysisk for gjester og brukarar.

Volda kommune kjøper Botnasanden

Volda kommune kjøper Botnasanden

Publisert:

Det vedtok formannskapet samrøystes tysdag. Saka skal vidare til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Ørsta med ny handlingsplan mot plastforureining

Ørsta med ny handlingsplan mot plastforureining

Publisert:

Kommunestyret har bedt administrasjonen om å utarbeide ein lokal tiltakspakke mot plastforsøpling. Planen med ei rekke tiltak er no klar til handsaming.

Volding forlet Premier League-klubb

Volding forlet Premier League-klubb

Publisert:

Like før overgangsvindauget stengde for engelske klubbar måndag kveld, kunngjorde Premier League-klubben Aston Villa at dei hadde avslutta kontrakten med keeper Ørjan Håskjold Nyland. Voldingen spelte 36 kampar for Aston Villa.

Fuktskadar  kostar kommunen over éin million ekstra

Ørsta ungdomsskule

Fuktskadar kostar kommunen over éin million ekstra

Publisert:

Seksjon eigedom oppdaga fuktskade i himling i klasseromfløy (175 m2) ved Ørsta ungdomsskule i mars. Rehabiliteringa skulle koste om lag 1,8 millionar kroner, men etter nye utrekningar har ein behov for å punge ut med èin million kroner ekstra.