Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 06.03.2022 kl 18:00
Torsdag var siste vaksinedag i Voldahallen. Dette vart markert med taler og kaker til alle som har bidrege under vaksineringa. Heretter vert det vaksinering på Volda rådhus.
Publisert: 06.03.2022 kl 14:08
Eit redningshelikopter har floge over Ørsta og Eiksundområde søndag.
Publisert: 06.03.2022 kl 13:00
Konfliktar knytt til utbyggingar i etablerte småhusmiljø har gjort at formannskapet har stilt spørsmål ved sin eigen fortettingsstrategi. Men etter å ha vore på synfaring, vil fleirtalet halde fram i fortettingssporet. – Det er ingenting vi har sett som skremmer meg. Det er godt innanfor...
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 06.03.2022 kl 10:28
Laurdag morgon høyrde folk i Volda sentrum ein lyd som minte om torden.
Publisert: 06.03.2022 kl 10:00
Barnehagane i Ørsta har slite lenge med høgt sjukefråvær. Både knytt til korona og anna. – Driftssituasjonen er utfordrande og har vore det heile 2022.
Publisert: 06.03.2022 kl 07:00
Sjukefråværet i Ørstaskulen er svært høgt blant lærarar for tida, på grunn av covid-19, men ein prøver å unngå heimeskule lengst mogleg.
Publisert: 06.03.2022 kl 09:12
Like før midnatt natt til søndag måtte politiet sette i verk tiltak for å dempe ned feststøy.
Publisert: 05.03.2022 kl 18:00
Musikaren Stig Ulv går nye vegar, og er no bokaktuell.
Publisert: 05.03.2022 kl 13:00
– Det synest å vere noko forvirring kring kva tomt Bjørn Dæhlie og Sisa Invest AS ønskjer å kjøpe av kommunen. Så berre for å gjere det heilt klart: Dette er rette tomta!, seier ordførar Sølvi Dimmen etter at ho har fått mange spørsmål om eit eventuelt tinghus vil kome i konflikt med...
Publisert: 05.03.2022 kl 10:00
PE Bjørdal i Hovdebygda har fleire store kundar i Russland og eit salskontor i St. Petersburg. – No ventar vi på sanksjonane frå myndigheitene og kva desse vil innebere.
Publisert: 05.03.2022 kl 07:00
Denne veka har skulane i Volda hatt skidag ved Volda skisenter, og fleire hundre elevar har kosa seg i alpinbakken, på langrennstur eller på akebrettet – og det i strålande vårsol.
Publisert: 04.03.2022 kl 22:30
Mathea Lødemel (22) møtte Madeleine Tverberg (23) til duell i The Voice fredag. Begge gjekk vidare.
Publisert: 04.03.2022 kl 18:00
Formannskapet i Volda har diskutert oppgjeret etter grensejusteringa av Bjørke og Viddal bak lukka dører, men har ikkje avgjort om dei vil anke til overskjøn. – Det er kome gode innspel, og vi skal vurdere alternativa våre før ei eventuell anke, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 04.03.2022 kl 15:41
KFUM Volda Volleyball melder at kampen mot Skjetten i Mizunoligaen er utsett pga mykje koronasmitte i laget.
Publisert: 04.03.2022 kl 14:19
Bandet Side Brok auksjonerer vekk ein test-LP, som er spelt av berre to gongar til inntekt for Ukraina – så er du fan er det berre å by i veg.
Publisert: 04.03.2022 kl 13:00
Ordførarane på Søre Sunnmøre seier dei er uroa over kostnaden innføringa av journalsystemet Helseplattformen vil påføre kommunane, og krev at Staten tek meir av rekninga.
Publisert: 04.03.2022 kl 07:00
– Vi har som mange andre arbeidsplassar eit unormalt høgt sjukefråvær, men folk strekker seg og jobbar ekstra, og heldigvis blir ikkje alle sjuke samtidig.
Publisert: 04.03.2022 kl 06:41
Politiet har anmeldt ein mann i 50-åra for ruskøyring i Volda.
Publisert: 03.03.2022 kl 18:00
Volda Campus Sparebank 1 Arena manglar eit beskyttelsesgolv til bruk under ulike arrangement i hallen. Det vil Volda Næringsforum gjere noko med.
Publisert: 03.03.2022 kl 15:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) seier politikarane no jobbar på spreng for å unngå eit mageplask i symjehall-saka. Volda kommune ventar på handsaming i klagenemnda for offentlege anskaffingar, samstundes som vedståingsfristen for kontrakten med Christie & Opsahl nærmar seg.
Publisert: 03.03.2022 kl 14:47
Fem bilførarar køyrde utan bilbelte og ein førar brukte handhaldt mobiltelefon bak rattet når politiet hadde trafikkontroll i Ørsta sentrum.
Publisert: 03.03.2022 kl 13:00
Bjørn Dæhlie vil byggje tinghus i Volda sentrum, og Volda formannskap er positive til at selskapet Sisa Invest AS kan få kjøpe ei kommunal tomt å byggje på. – Om de vil selje til oss så vil vi brette opp ermene og byggje eit tinghus til berikelse for Volda sentrum, sa Bjørn Dæhlie.
Publisert: 03.03.2022 kl 10:00
Ørsta kommune står klar til å ta i mot ukrainske flyktningar. Formannskapet har samanfatta eit eige opprop til regjeringa, og stiller seg bak Lyngdal kommune sin hjelpeaksjon.
Publisert: 03.03.2022 kl 07:00
Solveig Keilen Thomsen (7) har på eige initiativ starta produksjon av sjølvmåla handlenett som ho sel til inntekt for borna i Ukraina.
Publisert: 03.03.2022 kl 09:20
Natt til torsdag måtte politiet avslutte ein fest i Volda sentrum etter klager om støy.