Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 14.02.2022 kl 23:40 - Oppdatert: 15.02.2022 kl 13:20
Kjensler innepakka i song, dans og musikk fylde publikum sine hjarte måndag kveld. Då premieren var over hadde publikum fått ei etterlengta stor dose av kulturell oppleving. Ikkje tvil i at det gjorde ekstra godt no når koronarestriksjonane akkurat vart fjerna.
Publisert: 15.02.2022 kl 08:26
Volda kommune har i løpet av helga fått meldt 94 nye smittetilfelle med covid-19.
Publisert: 14.02.2022 kl 18:00
Sist veke var skredfaren betydeleg stor, på måndag var den moderat. Gjennom vinteren kan det alltid gå ras. Tormod Eldholm understrekar at nokre stader er meir utsett. Han nemner ruta til Fingeren på Standalseidet. – Dette er ein tur mange går, men det betyr ikkje at den er trygg.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 14.02.2022 kl 13:15
Møre og Romsdal fylkeskommune melder at fylkesveg 5890 i Dalsfjorden vert stengt fleire stadar neste veke når det skal skiftast ut skada stikkrenner.
Publisert: 14.02.2022 kl 07:00
Volda formannskap har tidlegare bedt om å bli orientert om moglegheita for å kjøpe tilbake ti prosent av konsesjonskrafta til eige bruk. Konklusjon: Det vil utløyse ekstra arbeid.
Publisert: 14.02.2022 kl 10:26
I løpet av helga har Ørsta kommune fått melding om 136 nye smittetilfelle med Covid-19.
Publisert: 13.02.2022 kl 21:07
Voldadamene er framleis på vinnarsporet og i den vanskelege bortekampen mot Ålgård i dag, brukte laget ein omgang på å kome skikkeleg i gong.
Publisert: 13.02.2022 kl 18:00
Volda formannskap stiller seg positiv til å greie ut eit finansielt samarbeid kring skyssbåtteneste på Hjørundfjorden.
Publisert: 13.02.2022 kl 14:55
Sju bilførarar køyrde for fort når politiet hadde fartskontroll i Elvagata i Volda sentrum.
Publisert: 13.02.2022 kl 14:00
Med E39 gjennom kommunen og heile elleve tunnelar, skulle ein tru det var bilbergar lokalisert i Volda. Men næraste tilbod er Fosnavåg eller Stryn.
Publisert: 13.02.2022 kl 11:00
Usikker på forskjellen mellom Facebook, Snapchat og TikTok? Vanskar med e-post eller Digipost? Vanskeleg å logge på Helsenorge sin nettstad? No kan du få hjelp på biblioteket kvar tysdag ettermiddag. Ingen påmelding er nødvendig, alle er velkomne.
Publisert: 13.02.2022 kl 07:00
Volda formannskap løyver 50.000 kroner til Volda Ørsta flyklubb, etter at dei hamna i økonomiske vanskar som følgje av auke i materialkostnader då dei bygde nytt klubblokale.
Publisert: 12.02.2022 kl 18:00
Det lukkast nyleg Volda kommune å få samla partane i fyrmuseumssaka til dialog. Men nokon fusjon med Viti vert det ikkje. Redninga for museet vert truleg gratis husleige frå kommunen.
Publisert: 12.02.2022 kl 14:00
– Utviklinga av Volda sjukehus som vi no opplever, er til stor glede for alle tilsette. Eg trur også det betyr mykje for lokalbefolkninga og kommunane som ligg i vårt nærområde, seier klinikksjef for Volda sjukehus, Palma Hånes, etter at det er klart for nybygg ved sjukehuset og nytt...
Publisert: 12.02.2022 kl 11:00
FAU og foreldra til 1.–3.-klassingane i Hornindal ønskjer ikkje at elevane skal gå over til 5-dagarsskule, og skulesjefen seier han vil høyre på foreldra sin ønskje.
Publisert: 12.02.2022 kl 07:00
Lions Club Volda har som mål å bidra med 100.000 kroner til inntekt for eit nytt familie- og kompetansehus på Beitostølen Helsesportsenter for funksjonshemma born og unge, og president Jarle Aasen oppmodar alle til å vere med og gi.
Publisert: 11.02.2022 kl 18:00
Volda formannskap vil ikkje utan vidare bruke overskotsmassar til bygging av ei kunstig øy i Rotevatnet. – Der er fleire andre prosjekt som òg treng masser, vart det peika på.
Publisert: 11.02.2022 kl 14:24
– Aurstad er svært ueinig i dommen, og overraska over at lagmannsretten ikkje ville behandle saka på nytt, seier adm.dir. i Aurstad AS, Jo Stian Tverberg.
Publisert: 11.02.2022 kl 13:25 - Oppdatert: 11.02.2022 kl 14:25
Ein bedriftseigar (50) frå Ørsta er rettskraftig dømt til fengsel i eitt år og ni månader for grov formuesforringelse etter at Høgsterett har forkasta anken hans over rettsavgjerda frå Frostating lagmannsrett.
Publisert: 11.02.2022 kl 11:50 - Oppdatert: 11.02.2022 kl 13:58
Fv. 60 er open igjen etter at vogntog stod fast i retning frå Hellesylt mot Grodås.
Publisert: 11.02.2022 kl 11:34
Adm. dir. i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Bratuaset, kan fortelje om vekst for banken når han legg fram årsresultatet for fjoråret. - Vi kan syne til sterk vekst det siste året, og framtidsutsiktene er gode.
Publisert: 11.02.2022 kl 11:08
Volda kommune har siste døgnet fått meldt 59 nye smittetilfelle.
Publisert: 11.02.2022 kl 07:00
Marna Haugen (40) knuste Mini Jakobsen (56) og Ole Martin Alfsen (52) i «Torpet»-finalen. No har ho flytta inn på Farmen-garden og er klar for finaleveke.
Publisert: 11.02.2022 kl 09:14
Fredag morgon melder Ørsta kommune at det er registrert 53 nye smittetilfelle med Covid-19 det siste døgnet.
Publisert: 10.02.2022 kl 18:00
Volda formannskap er positive til å inngå ein intensjonsavtale med Coop Nordvest knytt til eit mogleg makebyte av areal.