Møre

Møre

Vil ha gangveg på nedsida av Eksetsvingen:

- Orkar ikkje mase meir

Jostein Egset gruar seg til ein ny vinter utan gangveg på nedsida av Eksetsvingen. Foto: Arkivfoto

Jostein Egset vende seg i februar til Volda kommune, og fortalde om problem for gåande i Eksetsvingen. No etterlyser han tiltak.

Møre
Møre

Publisert:

Egset har lese i Møre at kommunen har fått svar frå Statens vegvesen knytt til spørsmål om gangveg på nedsida av Eksetsvingen. Han konkluderer med at dette er om lag same svaret som oppsitjarane har fått frå vegvesenet tidlegare: vegvesenet har ikkje pengar.

Kjem seg ikkje til gangvegen
- Eg forstår at det er mange prosjekt som treng pengar. Men sjølv om dette er eit lite prosjekt, er det ikkje mindre viktig for det. Ja, der er gangveg på andre sida av vegen, og det er 60 km/t fartsgrense. Det er nettopp det som er problemet, vi når ikkje i denne gangvegen. Korleis skal vi som bur på nedsida av E39 kome oss så langt frå svingen at vi trygt kan krysse vegen utan å gå etter hovudvegen? Det er umogleg no, slår Egset fast. Han viser til at det er autovern på begge sider av vegen, og minner om at den ikkje er breiare enn at store køyretøy så vidt kan passere kvarandre.

Livsfarleg
- Skal vi gå på det smale feltet på knappe 50 cm mellom kvitestripa og autovernet når bussar, tungt lasta tømmerbilar og trailerar med lange hengarar brått kjem ut av svingen frå Volda i kanskje 60 km i timen? Dei som kjem andre vegen klarar neppe å stoppe om vi går der når desse møtest. I alle fall ikkje på vinterføre. Å svinge utanom den som går der er heller ikkje eit alternativ om to store bilar møtest. Ein risikerer rett og slett å bli klemd mot autovernet, med dei følgjer det må få, åtvarar Egset. Han meiner situasjonen rett og slett er livsfarleg, og poengterer at det såleis ikkje er nokon som torer gå der.
– Difor kan vi ikkje kome oss på gangvegen og trygt til eit busstopp, slår han fast.

Ikkje trygg i bil heller
Egset viser til at oppsitjarane på nedsida av E39 i Eksetsvingen er avhengige av å bruke bil for å kome seg nokon stad, men han understrekar at det heller ikkje er utan fare.
– Avkøyrsla i svingen vert brukt av traktorar, renovasjonsbilar og andre som leverer varer. Mange har sikkert opplevd å vere nær påkøyrsel her i svingen når vi kjem frå Volda og skal svinge av midt i svingen. Med den trafikken som er no så må vi stadig vekk stoppe opp og vente på møtande trafikk, og då dannar det seg fort ei lang kø med stor fare for påkøyrsel bakfrå. Ulykker har skjedd her fleire gonger, minner Egset om. Han meiner lensmannen bør ta seg ein tur og sjå på tilhøva. Kanskje saman med nokon frå vegmynde?

Framlegg til løysing

Mork grendalag har også nyleg sendt inn ei skisse/forslag til løysing. Denne løysinga er etter Egset sitt syn veldig god, og han legg til at den vil redusere tal avkøyrsler på denne korte strekninga frå tre til ei.
– Eg forstår at det er mange prosjekt som treng pengar, men no må det vel, etter mange tiår med førespurnader, vere vår tur? I løpet av den lange perioden vi har halde på med dette må det vel ha vore mogleg å skaffe pengar til dette prosjektet også? No går det mot nok ein ny vinter utan at noko skjer. Har kommunen noko løysing på problemet? spør han, og legg til:
– Ein skal aldri gi opp håpet heiter det. Men no er eg komen i ein alder der eg for min eigen del ikkje orkar å mase meir om dette, då det ikkje ser ut til at der er vilje til å gjere noko med problemet.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...