Møre

Møre

– Eg vart overraska over nivået

Lagkaptein Kine Kvalsund (midten), saman med dei fire nye lagkameratane: Ingrid Jamtli Rye, Fride Heggdal Stølen, Ida Karlsen og Aleksandra Zimny. – Vi er eit ungt og samansveisa lag med god treningsvilje, seier Kvalsund, som trur laget har større sjanse i 1. divisjon denne sesongen.

Aleksandra Zimny forlét eliteklubben Storhamar til fordel for Volda handball. – Treningane held elitenivå, meiner ho om sitt nye lag. No gjev handballdamene alt for å halde seg i 1. divisjon.

Møre
Møre

Publisert:

Zimny er blant fire nye spelarar på Voldalaget. Fredag vart spelarane og laget presentert på ei pressekonferanse, og Volda handball la samstundes fram ambisjonane for komande sesong. 16. september brakar det heile laust, og laget som kom sigrande ut av førre sesong med null tap, får no bryne seg i 1. divisjon for tredje gong.

– Om alt klaffar så held vi oss i 1. divisjon. Vi har rykka ned to gongar før, så det er berre galskap å håpe på noko meir no, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson.
No satsar trenaren på å utvikle spelarane.

– På sikt håpar vi at vi kan etablere klubben i 1. divisjon, og at vi kan vere den klubben i området unge talent vel for eiga utvikling. For med eit godt lag i Volda treng ikkje spelarane å reise til dei større byane for å spele på eit høgt nivå.

– Held elitenivå
Då Haraldson kom til Volda for to år sidan var målet nettopp at laget skulle rykke opp i divisjon.

– Dette er ikkje noko som berre er gjort på få veker, laget har teke treningane seriøst og stått på dei siste åra. Dei nye spelarane var overraska over kor hardt vi trenar.
Det kan Zimny skrive under på. Den polske landslagskeeperen har skrive ei toårskontrakt med Volda etter å ha spelt for eliteklubben Storhamar.

– Eg vart overraska då eg kom hit, for fleire av jentene er på same nivå eller faktisk høgre enn spelarar i eliteserien. Somme tider kjenst det også ut som vi trenar for eliteserien. Dette laget har stort potensial og med mykje arbeid er eg sikker på at vi klarar å halde plassen i 1. divisjon.

Ungt og samansveisa lag

Også lagkaptein Kine Kvalsund har tru på at laget klarer det denne gongen.

– Personleg merkar eg stor skilnad på laget. På desse to åra har vi skapa ein god treningskultur, eit sterkt forsvar og laget held høgre tempo. Vi er mykje meir førebudd, så det skal ikkje stå på det fysiske denne gongen, seier ho.

Men den største skilnaden er at samhaldet på laget er betre.

– Vi er yngre og meir samansveisa. Det at vi har det veldig kjekt i lag, har ført til at vi pushar og motiverer kvarandre i større grad. Halldór har vore kritisk til kven han har teke inn på laget, for det er viktig at nye spelarar går overeins med gruppa.

Årets lag

Dei fire nye spelarane er venstre bakspelar Aleksandra Zimny (1996), linjespelar Fride Heggdal Stølen (2000), venstre bakspelar Ingrid Jamtli Rye (1999) og målvakt Ida Karlsen (1998).

– Vi er veldig nøgde med dei nye spelarane. Dette er spelarar med ambisjonar, som er treningsvillige og kan hjelpe laget å nå langt. Spesielt har vi trua på Aleksandra, ein spelar som kan vere med på å løfte laget. Dei andre spelarane er unge talent frå ulike delar av fylket, seier sportsleg leiar i Volda handball, Bent Ingebrigtsen.

Årets lag består totalt av 16 spelarar. Runa Vik og Anette Berg har lagt opp, men Berg held fram som lagleiar og assistenttrenar.

Cup og seriestart

Denne veka går turen til Follo i Oslo for å trene mot andre 1. divisjonslag. Volda vil møte Follo og Fjellhammer, og kan møte Stabæk, Førde og Aker. Komande helg går turen til Førde for å møte Gneist og Førde. I 2. runde vil Misund eller Godøy bli motstandarar.

Dersom laget tek seg vidare til 3. runde møter dei Molde. Det blir hektiske veker framover for eit nyopprykt lag. 16. september startar serien med heimebanekamp, og Volda møter Førde i Voldahallen.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...