Møre

Møre

Musikar, komponist og arrangør Ida Glomnes:

- Eg vil heller jobbe meg sakte opp, enn å selje sjela mi

Ida Glomnes på øvingsrommet ved Volda vidaregåande skule.

Ida Glomnes (26 år) er musikar, songar og komponist. Ho vaks opp i Volda, men har no adresse London. I sommar opptredde ho på ein av dei største festivalane i England. I haust var ho ein av artistane på Bygdesus i Volda.

Møre
Møre

Publisert:

Når Ida er på scena syng ho og spelar gitar til. Sjangeren er Indi-elektronika. Der elektronisk musikk som inneheld ein skikkeleg melodi. Ho føler at både tekstane og melodiane hennar er påverka av norsk natur. Artistar som inspirerer henne er mellom andre Sigurd Ros, Highasakite, Ari og «Puriti ring». Desse har alle store lydbilete.

Betre konsertkultur i London

- Det var koseleg å opptre på heimebane, men eg vart skuffa over at folk kom så seint. Halvparten av folka kom etter klokka 24, og då var 80 prosent av artistane ferdige, seier ho litt oppgitt

I London er det kultur for å få med seg ein heil konsert.

- Når eg går ut i London kjem eg kanskje klokka 17 og blir til 23. Kulturen for vorspiel er ikkje så vanleg. Eg vil gjerne ha med meg alle artistane i ein konsert, fortel Ida.

Vil ikkje selje sjela

Vi møter henne i ein av øvingsbunkersane ved Volda vidaregåande skule. Ida stiller i enkle klede og utslått hår. Også på scena har ho ein nøktern stil. Det er musikken som er i sentrum. Ho har kvinnelege kollegaer som har opplevd trasige episodar.

- Eg er glad for at eg har eit plateselskap som ikkje bestemmer kva eg skal syngje og korleis eg skal kle meg. Eg vil heller jobbe meg sakte opp, enn å selje sjela mi, seier ho.

Komponerte som 15 åring

Allereie som 15 åring tok Ida til å skrive songar. Ho gjekk også på gitarspeling i kulturskulen i denne alderen. Før den tid song ho i kora Mañana og White Spirit som no er ein del av Volda og Ørsta korskule.

- Kjem du frå ein musikalsk familie?

- Ja, mamma likte å synge som ung og far min vann ei karaoke-konkurranse i 1986, men ingen av dei spelar instrument, fortel Ida.

Sjølv spelar ho gitar, og litt piano.

Mc. Cartney skulen

Ida gjekk på musikklina ved Volda vidaregåande. Etterpå reiste ho til Oslo for å studere sosiolog.

- Eg visste at det å leve av musikk er ein hard veg å gå, men etter eit halvår med sosiologi, fann eg ut at det var musikk eg ville drive med, fortel ho.

Difor søkte ho på «Låtskriving og produksjonslina» ved Mc.Cartney skulen i Liverpool. Ho kom inn gjennom audition.

Det Ida ikkje visste var at fleire av dei ho hadde gått på musikklina i Volda saman med, også gjekk der. Heile 50 prosent av studentane var norske.

- Magnus Bringsvor, Runar Nybø og Sondre Johannsen var også i Liverpool. Vi levde eit veldig gøy studieliv, smiler Ida.

Meir alvor vart det då ho gjekk på BIMM i London. Også på dette studiet var det låtskriving og produksjon som sto i sentrum. Det er to år sidan hennar siste eksamen her.

5-års kontrakt med plateselskap

Det første året etter studiet jobba Ida med produsenten Glen Scott. Året etter gav ho ut ein singel sjølv. Dei to siste åra har ho vore ein del av «Intne Addicts» som er eit publisering- og plateselskap. Her er det tre personar som jobbar kring artistane i eit team. Ho har ei femårs kontrakt med dette selskapet.

- Dei finn oppdrag til meg og hjelpe meg opp og fram, fortel Ida nøgd.

- Kva konkret jobbar du med?

- Eg skriv musikk for andre artistar. Det kan gjerne vere i sjangeren pop/country. Så har eg ein del jobbar som «toplining», det vil seie ei kvinnestemme på andre sine plater, fortel ho.

I tillegg til dette jobbar ho med eige stoff. Planen er at ho skal gi ut eit album neste år. Ein del opptrinn blir det også.

I periodar då det er litt stilt, jobbar Ida bak disken i ein bar.

Stor festival i England

- Eg har ein del småkonsertar i London. Her er det ikkje alltid eg får betalt anna enn i øl, men det er viktig å spele så mykje ein kan i byrjinga, slik at ein vert kjend, forklarer ho.

Før jul hadde Ida ein konsert i Amsterdam.

I sommar var ho så heldig å få spele på den store kjende festivalen «Isle of Wight».

- Dette er ein festival som er større enn den norske «Øya festivalen». Rundt 80 000 personar er innom. Eg opptredde på ei mindre scene, men alle som hadde sett på ein viktig fotballkamp gjekk forbi, seier Ida oppglødd.

Elskar London

Den utflytta voldingen har snart budd 6 år i England, og dei fleste av åra i London. Ho stortrivest.

- Eg elskar London. Det er alltid liv der, og det er mykje som gir inspirasjon. Dessutan er det der eg har kontaktnettet mitt og der er fleire spelejobbar enn i Noreg. Men det er deilig å kome heim til Volda. Roa her gjer det lettare å skrive tekstar og lage musikk, fortel ho.

Denne gongen skulle ho ynskt at opphaldet i Volda varte lengre.

I London har ho ingen norske vener. Berre ei svensk og resten er engelskmenn.

- Eg flytta til England for å forbetre det engelske språket, men no må eg av og til leite etter dei norske orda, smiler Ida litt oppgitt og legg til at ho synest det er litt skummelt at morsmålet forsvinn.

Ida likar den engelske kulturen veldig godt, men ho synest nordmenn er meir genuint snille.

- I England er folk super høflege, men av og til er dette litt falskt, meiner Ida. Elles synest ho at engelskmenn generelt er morosame.

Ny video snart klar

Vi prata med Ida då ho var heime i Volda i september. Via mail i november spurde vi henne kva ho driv med no.

- Eg er framleis i studio og gjer klar låtar som eg skal gi ut på nyåret. Det kjem ut ein visuell video av songen min «Gone» snart.

Som før skriv Ida låtar for andre artistar og produserer bakgrunnsmusikk for filmar, seriar og dokumentarar.

Akkurat no jobbar Ida med musikken til ein fransk dokumentar.

- Skal du feire jul i Volda?

- Ja, det skal eg. Eg kan ikkje tenkje meg nokon betre plass å feira jul enn i Noreg. Det er så koseleg heime.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...