Annonse
Møre

Høg rockefaktor på Trandal

Bandet The Hip Priests frå England. Frå v. Lee Love, NN Vøn Grûz og Gentle Ben.
 Foto: Alle foto: Ingvild Runde

Bandet The Hip Priests frå England. Frå v. Lee Love, NN Vøn Grûz og Gentle Ben. Foto: Alle foto: Ingvild Runde

Lytt til teksten Stopp opplesingen

For tredje gong arrangerte veninnene Maria Maude og Kristin Riise Trandalrock. Vi møtte dei to damene tett før kveldskonserten skulle starte laurdag. Det var ikkje fullt på Trandal klokka 18, men det kom stadig nye båtar med rockeglade folk. På førehand hadde dei selt 100 billettar.

Publisert:

Annonse

– Dei fleste kjøper billettar når dei kjem, seier Maude og Riise.

Damene har sjølv vore på Trandalblues og rockekonsertar rundt om i landet, det var slik ideen vaks fram.

– Vi var på Trollkonsert på Beitostølen, det var då vi starta å tenkje på at vi kunne arrangert rockefestival på Trandal. Så snakka vi med Christian Gaard Bygdetun AS, og dei var positive, fortel dei.

Sidan det er bluesfestival i juli og country i august, gjekk dei for juni. Arrangørane frå dei andre festivalane har gitt dei gode tips.

På programmet

Det første året hadde dei berre lokale band og eit tilreisande. I fjor var det femti prosent lokale og femti prosent utanfrå.

- I år har vi eit lokalt band og resten er frå andre stader, fortel arrangørane.

Banda som stod på plakaten var «The Hip Priest» frå England, Egil Olsen, «Dirty Needs», «Drusan», «Måndag» og «The Irish Vikings».

Dei banda med den rolegaste musikken starta først. Tanken bak utvalet av band var at dei skulle representere ulike sjangrar innan rocken.

Dyktig lydmann

På ettermiddagen laurdag hadde dei ein akustisk konsert med 14 ulike artistar. Deira faste lydteknikar, Bjørn Roger Hagen frå Ørsta, stod for lyden. Arrangørane er svært nøgde med jobben han gjer.

- Han har eit fantastisk anlegg som gir fantastisk lyd, seier Maria.

Det ligg mykje arbeid bak ein slik festival. Dei vedgår at det er ein heiltidsjobb, men dei kosar seg med den.

– Vi er veldig glade i musikk, er sosiale og likar at ting skjer, smiler dei.

Egil og Måndag

Egil Olsen og musikarane Jørn Erik Ahlsen på bass og Gunnar Sæter på trommer var først ut. Det vart servert både rolege balladar og raskare rockelåtar. Egil Olsen hadde mange sjølvironiske replikkar mellom songane, og slo seg skikkeleg laus på slutten av deira avdeling.

Så var det bandet «Måndag» frå Valdres sin tur. Dei spelar rock i såkalla Amerikasjangeren. Vokalist Lars Endre Strand levde seg skikkeleg inn i tekstene og framførte songane med truverd. Musikkstilen til bandet kunne minne om Daniel Kvammen sin musikk. Mange av tekstene var både gode og djupe.

«The Hip Priests»

I år hadde Maria og Kristin slått på stortromma og fått eit punkrockeband heilt frå Nottingham i England til å ta turen. Det var «The Hip Priest».

Det var første gongen dei var på Trandal, men dei har opptredd i Noreg fem gonger tidlegare.

– Det er heilt nydeleg og fantastisk her, gliser dei tøffe rockekarane.

– Er de fulltids rockemusikarar?

– Nei, vi jobbar 50 prosent med musikken, fortel dei.

Dei leverer originale låtar. Alt er sjølvkomponert. Vi lurer på om publikumet i Noreg er rolegare enn i England. Det syntest dei ikkje.

– Vi har ikkje sett nokon rolege nordmenn, ler dei.

Eg hadde kome uansett

Det var flest lokale publikummarar på Trandal denne kvelden, men der var også folk frå Ålesund, Molde og Fræna, og ein kar hadde kome på motorsykkel frå Rjukan. Enkelte kom rett frå Knopfler-konsert i Ålesund fredag, og andre hadde droppa Bon Jovi-konsert i Stavanger.

To barndomskameratar frå Austefjord var også på plass. Det var Oddvar Engjaberg og Nils Petter Ullaland. For Nils Petter var det første gongen på Trandal. Oddvar har vore på alle rockefestivalane i den vesle bygda.

– Ein finn ikkje meir perfekt festivalområdet enn dette, seier Oddvar.

– Eg er glad eg valde å fare i år, smiler Nils Petter.

– Er det noko band det ser ekstra fram til å høyre?

– Ja, det siste bandet, «The Hip Priests», men eg hadde kome uansett kven som stod på scena. Når nokon held på å byggje opp ein ny festival er det viktig å støtte dei, meiner Oddvar.

Nils Petter var positivt overraska over bandet frå Valdres. Han gledde seg også til bandet som spelar musikk av AC/DC.

– Det kan bli ein høgdare, avsluttar Nils Petter.

blog comments powered by Disqus