Annonse
Møre

Sommarblomar frå eige gartneri

Flotte blomar i alle moglege fargar og fasongar ved Sivert Aarflot-plassen i Volda.

Flotte blomar i alle moglege fargar og fasongar ved Sivert Aarflot-plassen i Volda.

Lytt til teksten Stopp opplesingen

Oddvar Årsetøy sel friske sommarblomar på Sivert Aarflot-plassen i Volda. Blomane har han dyrka fram frå gartneriet sitt i Austefjorden.

Publisert:

Annonse

– Eg har stor interesse for blomar og har drive på med sommarblomar i over 30 år, fortel Årsetøy.

Han er utdanna gartnar, og har stått på Sivert Aarflot-plassen i Volda og seld blomar i mange år, sommar etter sommar. Med seg har han eit hav av ulike sortar. Friske og fargerike blomar i alle moglege fasongar.

– Her er alt mogleg. Det meste innan sommarblomar og truleg noko for ein kvar smak og behov, smiler gartnaren.

Over 1.000 variantar er dyrka fram for sal, men salet går ikkje like godt i år som tidlegare i år.

– Det er diverre ein dårleg sesong, for det er nesten ikkje folk i gatene. Snart er det ikkje levedyktig å stå her lengre. Men eg vekslar mellom å vere her og ved Kiwi på Myrane, og salet går betre der.

blog comments powered by Disqus