Møre

Møre

Turorienteringa:

Sunniva har gått alle turane

På Melshornet i 2017. – Vi vassa opp i laussnøen. Det var kaldt, men vi kom oss opp, smiler Sunniva. (Foto: privat)

Sidan turorienteringa i Volda starta opp for seks år sidan, har Sunniva Vågen Dimmen vore ein aktiv turgåar. Ho har nemleg teke alle postane kvart år. 2018 var siste år med turorientering, for no skal friluftsforeininga bidra i Stikk UT!

Møre
Møre

Publisert:

Av om lag 300 selde klippekort, var det fem turorienteringsdeltakarar som gjekk alle turane på programmet. Berit Koen, Per Ernst Lundberg, Finn og Berit Håskjold og Sunniva Vågen Dimmen.

– Eg likar veldig godt å gå på tur, og det er kjekt å kunne variere med ulike ruter og turmål. Det er også veldig motiverande med klippekort, fortel Sunniva.

32-åringen har ei lettare funksjonshemming, men er den mest aktive av alle deltakarane. I førre veke fekk ho tildelt diplom og gåve frå Hamna dagsenter av Runa Bakke og Cecilie Åmås i Volda Friluftsforeining, som takk for innsatsen.

– Det er veldig imponerande at ho har teke alle postane, for nokre av turane er lange med krevjande ruter. Sunniva er eit førebilete for andre, seier Runa.

Svært aktiv

Turane varierer frå ein lett gåtur til stadionparken til ein dagstur til Saksa. Sunniva minnast tilbake til då ho gjekk på Saksa i sommar saman med foreldra sine.

– Det var på den varmaste tida i sommar, og det var veldig tørt i bakken sidan det ikkje hadde regna på ei stund. Då vi gjekk ned att kom regnet, og det vart mykje støv i lufta. Eg var heilt dekt av jord på slutten, smiler ho.

Sunniva nøyer seg ikkje berre med éin tur til kvar plass, og Dinglavatnet, Rotsethornet og Elvadalen er der ho går mest. Elles går ho heim frå jobben i Furene fleire gongar i veka.

Ved Dinglavatnet og på Prestesætra har ho ansvaret for å følgje med på gjesteboka, om det trengst ny bok eller anna utstyr. Ho bidreg også med å markere stiar saman med stimerkingsgruppa i Volda.

Varierte turmål

Sunniva går ofte på tur aleine, men aller helst saman med foreldra eller venner.

– Det er hyggeleg å gå med andre og ha selskap på vegen, seier ho.

– Det er akkurat det som er så bra med turorienteringa, at ein dreg med andre på tur, seier Runa.

Ho held fram at turorienteringa ikkje nødvendigvis er for dei aller sprekaste, men for å motivere og stimulere folk til å kome seg ut og nytte den flotte naturen.

– Turorienteringa har motivert mange til å gå på tur, og det er nettopp dette som motiverer oss til å halde fram.

Sidan oppstart har vi seld mellom 200–400 konvoluttar med klippekort kvart år, og dei som kjøper er folk i alle aldrar, frå barnehageborn til godt vaksne.

– Vi forsøkjer å samle eit variert utval turmål, og gjerne mindre kjende ruter som er verdt å gå. Fleire held seg gjerne til dei same turmåla, men det er kjekt å oppdage nye stadar og regionen vår har mykje flott å by på. Turorienteringa har også ført til at fleire ruter no er godt merkte, seier Cecilie.

Fullførte i siste liten

Dei siste åra har turorienteringa hatt 30 postar, men i fjor vart turorienteringa arrangert i samordning med Stikk UT!, og det vart heile 40 postar på programmet.

Blant postane var det fleire fulle dagsturar, så Sunniva var litt i tvil om ho kom til å ta alle i år. Ho fortel at ho hadde ei lang pause i sommar, og planla å gå til Koppefjellet på hausten.

Snøen kom tidleg i fjella i haust, så turen var utsett lenge. Så kom mildvêret og snøen regna vekk.

– Dagen før klippekortet skulle leverast inn, den 20. oktober, gjekk eg på Koppefjellet saman med foreldra mine. Det vart ein veldig flott tur, seier Sunniva som no ser fram til å fortsette å gå på tur gjennom Stikk UT!

I vintermånadane vert det arrangert Stikk UT-vinter, med postar fleire stadar.

– Eg synest det er kjekt å gå på langrenn, så det vert nok nokre turar i lysløypa framover, smiler Sunniva.

Stikk Ut!

I 2018 vart Volda kommune med i Sunnmøre friluftsråd som arrangerer Stikk UT-turar over heile Møre og Romsdal.

– I staden for å konkurrere med kvarandre, valde vi heller å samle kreftene og leggje til rette for gode stikkutturar i Volda og i bygdene rundt. Det skal vere 15 stikkutturar i kvar kommune, men vi håpar å få til fleire, seier Runa.

– Det er jo sjølvsagt litt synd at turorienteringa no vert avslutta, men vi tek med oss erfaringane vidare og håpar Stikk UT! Kan verte eit godt alternativ til turorienteringa. Vi håpar folk vert med vidare, og kanskje ventar det også premiar til dei mest aktive, smiler Cecilie.

Lik som ved turorienteringa kan ein halde oversikt over alle turane ein går. Ikkje lenger ved hjelp av klippekort, men gjennom ein gjestebokapp på mobilen eller på StikkUT! sine heimesider.

Runa og Cecilie avsluttar med å takke Janne Dalebø for god hjelp gjennom åra med turorientering.

– Janne har laga eit godt system, teke i mot alle klippekort og skreve på alle diplomar. Ho har gjort ein strålande innsats, og fortener ein stor takk.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...