Møre

Møre

Sender barnehagesaka i retur

Barnehagane i Volda sentrum må pussast opp. Tilstanden til byggmassen i Sollia barnehage vert skildra som «alvorleg». Med på lasset kjem debatten om korleis den framtidige barnehagestrukturen i Volda sentrum skal vere. Foto: Arkivfoto

Planane om ny barnehagestruktur i sentrum vert ikkje sendt ut på høyring i denne omgang. Tenesteutvalet for oppvekst og kultur etterlyser fleire alternativ i utgreiinga, og meiner tre veker vert for kort tid til ein skikkeleg høyringsrunde.

Møre
Møre

Publisert:

– Det er alt for stort engasjement i bygda for denne saka til at ein kan avspise den med ein så kort høyringsfrist. Administrasjonen har nytta snart eit år på denne utgreiinga, då er det ikkje realistisk å forvente at alle som vert påverka skal kunne setje seg inn i saka og kome med kvalifiserte uttalar på berre tre veker, sa Alf Jakobsen (SV) då tenesteutvalet for kultur og oppvekst (TOK) skulle ta stilling til om saka skulle sendast ut på høyring.

Han sakna også fleire alternativ i utgreiinga, og kom med forslag om å sende saka attende til kommuneadministrasjonen.

Forslaget fekk samrøystes støtte.

Må finne innsparingar i drifta

Bakgrunnen for utgreiinga er at dei kommunale barnehagebygga i Volda sentrum er gamle og i dårleg stand. Dei oppfyller ikkje nyare krav.

– Å ikkje gjere noko, er ikkje eit alternativ, slo oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik fast.

Samstundes har politikarane pålagt alle einingane i kommunen å gjere innsparingar for å frigjere midlar til dei store investeringane som står i kø.

Oppvekstsjefen har fleire gongar sagt at han ikkje ser moglegheit for å spare andre stadar enn på strukturen innan skule og barnehagar.

I utgreiinga som no vert lagt fram gjer kommunen difor eit forsøk på å slå to fluger i ein smekk: Få opp standarden på barnehagebygga, samstundes som ein gjer grep i barnehagestrukturen.

Dette synte medlemmane i TOK forståing for, men stilte likevel såpass store spørsmål ved utgreiinga at dei valde å sende den attende til administrasjonen for vidare arbeid.

Vil ha alternativ om å behalde Engeset

Den korte høyringsfristen var ein ting som gjorde at TOK valde å sende saka i retur, men utvalet ville også har fleire alternativ utgreidde.

– Eit som mange folk spør om, er å behalde Engeset og pusse opp Sollia og Oppigarden eller byggje ein ny som erstatning for dei to. Kvifor er ikkje det alternativet med?, undra Alf Jakobsen.

Han poengterte at han ikkje hadde noko føretrekte alternativ, men at han ville ha mest mogleg greidd ut så ein kan argumentere for og imot når ein seinare skal ta ein avgjerd.

– Administrasjonen har peika på tre ulike løysingar: Å samle dei tre kommunale barnehagane i sentrum til ei eining, å leggje ned ein barnehage og samle dei to andre i ei eining, eller å ruste opp alle tre barnehagane og halde fram som vi gjer i dag, sa oppvekstsjefen.

– Å pusse opp og halde fram som i dag vil gje stor investeringskostnad og ingen innsparingar på drifta. Å samle alle tre barnehagane i eit nybygg vil kunne koste rundt 100 millionar, og ein vil få innsparingar i drifta. Å leggje ned ein barnehage og samle dei resterande to i ei eining vil kunne koste rundt 50 millionar og vi får innsparingar i drift, sa Kongsvik.

– Men det er ikkje sagt kva barnehagar skal halde fram og kven som skal leggjast ned, peika Per Svein Krøvel (H) på.

– Med noko lokalkunne så vil ein sjå at å samle to einingar til ei vil vere enklast for Oppigarden og Sollia, svara oppvekstsjefen, og stadfesta at tanken med det alternativet er å leggje ned Engeset og pusse opp og byggje om eksisterande bygg i Sollia og Oppigarden til ein barnehage.

Kan miste 30–40 kommunale barnehageplassar

Dei to alternativa som vil gå frå tre einingar til ei har ein ting til felles: at talet på kommunale barnehageplassar går ned frå mellom 150 og 160 i dag, til rundt 120 plassar.

Administrasjonen meiner at ei betre utnytting av restkapasiteten i dei private barnehagane skal kompensere for dette.

Fagkonsulent for opplæring og oppvekst, Håvard Strand, synte til at det er ein ledig kapasitet på rundt 90 plassar i dei private barnehagane, og at ein ser på måtar å betre utnytte den samla kapasiteten i Volda.

Den tanken sat ikkje godt hjå tenesteutvalet.

– Vi har heile vegen vorte minna om kor viktig det er med ein god balanse mellom kommunale og private barnehagar i Volda, slik at kommunen er ein sterk barnehageeigar som legg føringar for korleis resten av barnehagedrifta i Volda skal vere. I denne saka ser det ut som om ein har gått heilt vekk frå dette prinsippet. Kva er det som har endra seg?, undra utvalsleiar Rebecca Riise Bjerknes (Sp).

Return to sender

Samla gjorde desse momenta at TOK valde å røyste alternativt mellom administrasjonen sitt forslag om å sende utgreiinga ut på høyring slik den låg føre, eller Alf Jakobsen sitt forslag.

Det seier at: «Tenesteutvalet vedtek å sende saka om ei eventuell strukturell endring av barnehagedrifta attende til administrasjonen. Dette for å greie ut eit fjerde alternativ før utgreiinga vert sendt ut på høyring: Ein rehabiliterer Engeset barnehage og byggjer ut ein ny/rehabiliterer/samlokaliserer for å oppretthalde den kommunale barnehagekapasiteten vi har i Volda i dag. I tillegg ber ein administrasjonen presisere og klårgjere punkt 3 i sitt forslag.»

Punkt 3 omhandlar å rive ein barnehage og samle dei to attverande i ei eining.

Oppvekstsjefen opplyste at «det fort kan vere grønt på markane igjen» før ei ny utgreiing kan verte lagt fram for tenesteutvalet.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...