Møre

Møre

Skal gå frå Trondheim til Oslo

Beate og Knut Sverre Nes måtte teste litt av ruta på førehand. Foto: Privat

Måndag 31. juli legg ekteparet Beate og Knut Sverre Nes frå Austefjorden ut på ei litt uvanleg reise. Dei skal nemleg gå frå Trondheim til Oslo, heile 640 km, på fire veker.

Møre
Møre

Publisert:

Ein skulle tru det var ein billig ferie som var bakgrunn for turen, men det er det altså ikkje. Gåturen frå Trondheim til Oslo vert nemleg arrangert av Ada Sofie Austegard, dama bak Stine Sofies stiftelse.

Dermed er det ikkje berre ekteparet Nes som skal vere med på turen, men også ein haug med andre menneske som støttar stiftelsen.

Det er ikkje første gang ekteparet engasjerer seg i Stine Sofies stiftelse. For i fjor sommar var dei nemleg og besøkte Stine Sofie senteret i Grimstad.

Tok ein prøvetur

I og med at turen er på heile 640 km, fann Knut Sverre og Beate ut at det kunne vere lurt å gå litt av ruta, berre for å få testa ut terrenget.

- Det er ein del bagasje som skal vere med, og nokon av etappane er meir krevjande enn andre. Så for å førebu oss litt og kanskje få litt meir kunnskap om kva vi går til, testa vi ei av etappane som skulle vere tyngst. Då gjekk vi to dagar på rad, med alt utstyr. Testturen gjekk veldig fint, men det var jo sjølvsagt berre to dagar, den faktiske turen er jo fire veker, fortel Knut Sverre.

Under sjølve turen skal det også vere med ein følgjebil slik at ein kan opphalde det tyngste av bagasje der.

Mykje som motiverer

Å skulle gå 640 km på fire veke er slitsamt både fysisk og psykisk, og då er det viktig at ein har noko som motivera ein.

- Eg er førebudd på at det innimellom vert psykisk tøft, men vi er jo ei gruppe som skal gå i lag så forhåpentlegvis greier vi å motivere kvarandre. Sjølvsagt er saka vi går for også med på å motivere oss. Eg jobbar sjølv med born, og har vore fast givar til stiftelsen i mange år, så saka i seg sjølv gir jo motivasjon, fortel Beate.

- Det handlar jo også litt om å komme i form og, smiler Knut Sverre.

Paret fortel at dei rundt nyttår melde seg på turen, og at dei allereie då byrja treninga.

- Vi begynte å gå ein del turar ved vegen, og så mot våren vart det meir fjellturar. I tillegg har vi brukt tredemølla i kjellaren ein del dersom det ikkje har vore vêr til å gå tur, seier Beate.

- Eg har jo vore den typen som helst aldri gjekk trappene på jobb, men heller tok heis. Medan no når vi skulle byrje å trene, byrja eg heller å ta trappene i staden for heisa, ler Knut Sverre.

Starta eigen innsamlingskampanje

Via Facebook har dei no starta ein innsamlingskampanje for Stine Sofies stiftelse.

- Ved å dele oppdateringar og info rundt det at vi skal vere med på turen, har vi no fått mykje merksemd rundt kva Stine Sofies stiftelse er, og kva sak dei jobbar for, fortel Beate.

Knut Sverre legg også til at dei har to ting i fokus når det gjeld innsamlingskampanjen deira.

- Den eine tingen er sjølvsagt at folk bidrar med pengar til stiftelsen, medan den andre tingen er at folk byrjar å tenkje litt, og få folk til å bry seg om det Stine Sofies stiftelse handlar om.

Tar utgangspunkt i Pilgrimsleden

– Noko anna som også er veldig fint med denne turen er at den tek utgangspunkt i Pilgrimsleden. Vanlegvis ville jo pilegrimane vandre oppover mot Trondheim, så ein kan jo seie at vi er på ei slag omvendt pilegrimsvandring, fortel Beate.

- Det er veldig spanande å gå ei rute ein veit at pilegrimane har gått tidlegare, og på ein måte få sjå dei same tinga som dei gjorde. Eg trur nok det blir mange fine naturopplevingar på turen, seier Knut Sverre.

Sjølv om mesteparten av overnattinga går føre seg i telt, innrømmer paret at dei skal unne seg hotell på nokre av stoppestadane der det er mogleg. Dei har også planar om å kjøpe middag kvar einaste dag slik at dei slepp å lage det sjølv.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...