Møre

Møre

Slik kan det nye Kulturhuset bli

Slik tenkjer byggjenemnda seg at det nye kulturhuset i Volda kan sjå ut. Foto: Volda kommune/Nordplan AS

Leiar for byggjenemnda, Jan Henning Egset, har lagt fram skisser for korleis Volda kulturhus kan bli. Skissene som vart presentert for formannskapet tek utgangspunkt i at Samfunnshuset skal bevarast og inneheld eit nybygg på to etasjar.

Møre
Møre

Publisert:

Sist oppdatert: 28.08.2018 kl 15:59

Skissene som leiar i den kommunale byggjenemnda, Jan Henning Egset, og sivilarkitekt i Nordplan AS, Torkjel Bruland Lavoll, synte for formannskapet tysdag formiddag, tok utgangspunkt i at det skal verte bibliotek og vestibyle i dagens samfunnshus, medan det vert storsal, kino, kjøkken/kiosk/kafe, lager og garderobe i eit nybygg på tomta bak Samfunnshuset.

Slik tenkjer byggjenemnda og arkitekt at ein kan kombinere Samfunnshuset med påbygg og eit nybygg på tomta bak. Dei vil også opparbeide eit attraktivt uteområde. Foto: Volda kommune/Nordplan AS

Nybygget er planlagt i to etasjar, der det er tenkt å ha kommunestyresal/nøytralt seremonirom, rom til teknisk anlegg og plass til ungdomsklubben i andre etasje. Storsalen får høgde over begge etasjane, til saman 12 meter.

Slik kan første etasje sjå ut, med bibliotek i Samfunnshuset. – Mykje av utfordringa i dette prosjektet er koplinga mellom gammalt og nytt for å skape eit framtidsretta bygg. Då er sambruk eit viktig stikkord, seier Egset. Foto: Volda kommune/Nordplan AS

Storsalen får ei takhøgd på 12 meter og strekk seg over begge etasjane i nybygget. I andre etasje i Samfunnshuset er det lagt inn areal for Ungdomsklubben og kommunestyresal, som også kan nyttast som nøytralt seremonirom. Foto: Volda kommune/Nordplan AS

– Målet vi har sett oss i byggjenemnda er å få til eit kulturhus der det vil vere aktivitet store deler av døgnet, gjennom heile veka. Vi vil at bygget skal stimulere til kommunal, frivillig og privat aktivitet. Vi vil at det nye kulturhuset skal skape møteplassar og leggje til rette for lokalsamfunnet sine behov. Mykje av utfordringa i dette prosjektet er koplinga mellom gammalt og nytt for å skape eit framtidsretta bygg. Då er sambruk eit viktig stikkord, sa Egset.

Henta inspirasjon frå Ulsteinvik og Fosnavåg

Inspirasjon har byggjenemnda henta frå prosjekt i nærleiken. Dei har vore på synfaringar i både konserthuset og kinoen i Fosnavåg, og i nye Arena Ulstein i Ulsteinvik.

– Ambisjonen vår er at storsalen skal verte på same nivå som konserthuset i Fosnavåg, og at biblioteket i Samfunnshuset skal ha ein funksjon og eit innhald på linje med det biblioteket i Ulstein Arena har fått, sa Egset til formannskapet.

Også prisen på det nye kulturhuset vil hente «inspirasjon» frå nabokommunane.

– Det er vanskeleg å kome med eit kostnadsoverslag før eit ferdig skisseprosjekt, men kostnaden vil nok vere ein plass mellom Fosnavåg (kr 110 mill.) og Ulsteinvik (kr 300 mill.), sa Egset, og la til at skisseprosjektet med kostnadsestimat skal vere klart til november.

Byggjenemnda ser på ein kinosal med plass til mellom 80 og 120 sitteplassar. Egset synte til at kinoen i Volda har låge besøkstal i høve dei nyare kinoane i Fosnavåg og Ulsteinvik, og trekte også fram kinotilbodet i Sogndal.

– Det er ein samanliknbar kommune med Volda, som også har eit høgt tal studentar. Kinoen der har 42.000 besøkjande kvart år.

Eit tverrsnitt av byggmassen syner at byggjenemnda kan tenkje seg at kinoen vert lagt til ei nedgraven løysing ved sidan av storsalen.
– Vi tenkjer dette kan vere ei løysing, då dette er eit rom som ikkje har behov for lys utanfrå, forklara Egset. Foto: Volda kommune/Nordplan AS

Ønskjer tett og god dialog med brukargrupper

Egset fortalde at byggjenemnda ser på det som svært viktig å få ein tett og god dialog med dei som er aktuelle brukargrupper i bygget.

– Og som kontaktperson har vi knytt til oss Oddbjørn Nes. Han vert ein ressursperson som skal koordinere kontakta mellom brukargruppene og byggjenemnda. Brukargruppene er mellom anna personar frå bibliotek, kino, ungdomsrådet, ungdomslag samt enkeltpersonar som Nes meiner kan gje gode innspel knytt til kultursalen, sa han.

Leiar i byggjenemnda, Jan Henning Egset, og sivilarkitekt i Nordplan AS, Torkjel Bruland Lavoll, har teke utgangspunkt i at Samfunnshuset skal bevarast og vere ein del av det nye kulturhuset i Volda. Foto: Erling Olav Storegjerde

– Den andre gruppa Nes opprettar kontakt med vil vere ei interessegruppe sett saman av lag, organisasjonar og politiske utval som kan tenkjast å ha interesse i prosjektet og verte meir indirekte brukarar av bygget, la han til.

Det vil verte arrangerte opne folkemøte med tema nytt Kulturhus til hausten.

– Det er viktig at folket i Volda får god informasjon, at dei får kome med innspel og på den måten kjenner ein eigarskap til dette prosjektet.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...