Møre

Møre

Gutane klare til seriestart

Volda TI Fotball 2016.

Voldaherrane sparka i gang sesongen med 2–2 borte mot Florø 2 førre helg. Måndag kjem Sogndal 2 på besøk til årets fyrste seriekamp på Volda stadion. Trenar Dagmund Evebø trur sesongen vert tøff, særleg som følgje av serieomlegginga.

Møre
Møre

Publisert:

– Vi har eit bra toppnivå, der vi er i stand til å slå dei beste, men spriket mellom vårt beste og dei dårlege prestasjonane er for stort, meiner trenar for herrelaget til Volda TI Fotball, Dagmund Evebø.

Laget må klare minimum 5.-plass i årets 3. divisjon, skal det verte med i 3. divisjon 2017. Dette på grunn av ei ny spissing av seriesystemet, med færre lag i nye 2. divisjon frå og med 2017, som får konsekvensar for opp- og nedrykk inneverande sesong. Berre dei fire beste laga i landets tolv 3.-divisjonsavdelingar, samt dei beste femmarlaga, vert ståande på nivået. Det gjer 2016-sesongen særleg utfordrande for Volda.

– Spesielt ut frå manglande breidde i stallen, skjønar vi det vil verte tøft for oss å ende blant dei fire-fem beste. Vi har meir prestasjonsmål enn resultatmål, og ønskjer i hovudsak å utvikle gode enkeltspelarar, som på sikt gir eit betre kollektiv og eit betre lag, seier Evebø.

Vil tilbake blant sunnmørseliten

Mange av dei unge spelarane i Volda har godt av å kunne utvikle seg på noverande nivå, meiner trenaren. Derfor er ikkje krisa koma om 5.-plassen ikkje vert nådd og laget spelar i 4. divisjon, som truleg vil få eit noko lågare nivå enn dagens 3. divisjon, i 2017. Men på sikt ser Evebø Volda tilbake blant dei beste laga på Sunnmøre.

– Eit klart uttalt mål for VTI Fotball er på sikt å vere med i det som vert den nye 3. divisjon. Om Volda ikkje klarer topp fem i år, må Volda ha eit klart mål om å vinne det som vert 4. divisjon neste sesong. Volda skal vere ein av dei tre-fire beste klubbane på Sunnmøre. Ut frå geografi og tilgang på spelarar skal vi vere der. Der var vi tidlegare, og dit bør Volda kome tilbake, er Evebø klar på.

Ung tropp

Det er ein ung tropp Volda stiller med. Av dei 23 spelarane er Tommy Malins (28) eldst. Dei fleste har alderen 20 til 25 år. Blant resten finn vi fire 17-åringar og ein 18-åring. Dei yngste vil spele mest for Volda 2, men får garantert sjansen for A-laget, gitt fokuset på spelarutvikling. I tillegg kjem junior- og gutelag. Utfordringa vert kanskje heller å finne balansen mellom talet på kampar og eit godt treningsnivå. For mange kampar gir ikkje den beste utviklinga, peikar hovudtrenaren på.

Hektisk sesongoppkøyring

Evebø er ganske nøgd med sesongoppkøyringa. I fyrste perioden la han mykje vekt på å la spelarane trene. På dei etter kvart sju treningskampane i vinter og vår står Volda med 4-1-2. Hektisk vart det då dei offisielle kampane byrja å kome i gang, blant anna den utmattande NM-kvaliken med ekstraomgangar mot Bergsøy (5-2-siger).

– Eg ser i etterkant at vi skulle ha spelt ein treningskamp mindre (av to) på treningsleiren rett i etterkant av Bergsøy-kampen.

Då Volda kom tilbake bar det ut i ny kvalikkamp, mot Herd (0-1-tap).

– Det vart litt for stor kampbelastning på enkelte spelarar ei og ei halv veke før seriestart. Det må vi ta lærdom av, seier Evebø.

Vil helst angripe

– Det er viktig for oss å kome godt i gang og viktig for oss å prestere bra på heimebane. Der sleit vi lenge i fjor.

Volda tapte fjorårets fyrste heimekamp (1-2 for Spjelkavik), og i løpet av sesongen tok laget faktisk to fleire poeng på bortebane enn på Volda stadion.

Eit nytt 2-arlag ventar i sesongopninga når Sogndal 2 kjem på besøk måndag. Laget slo til med 6–1 over Hødd 2 i sin fyrste seriekamp. No skal karane frå saftbygda på reisefot, og det er sjeldan godt å vite kor mange «profilerte» spelarar 2-arlaga tek med seg i tillegg til unge talent. Målet for kampen for Volda sin del er uansett klart.

– Vi går sjølvsagt for tre poeng, sjølv om vi vil ha respekt for Sogndal 2 og dei unge gutane som spelar på laget.

– Kva type fotball kan ein vente av Volda i år?

– Fotball er spel og motspel. Eg har alltid vore tilhengjar av at skal du utvikle gode enkeltspelarar, må du tore å halde på ball og angripe med mykje folk. Det ønskjer vi å gjere, seier Evebø, som sjølvsagt tek atterhaldet om at i enkelte kampar er motstanden så god at dei defensive oppgåvene kjem fyrst. Etter to «unødvendige» baklengs mot Florø 2, har strammare forsvarsspel vorte terpa på trening denne veka.

Evebø peikar elles på at laget på kvar trening jobbar med å verte flinkare i å halde på ballen. Det spelemessige målet er å få motstandaren til å ta meir omsyn til Volda enn Volda må ta overfor motstandaren.

– Eg håpar vi skal verte gradvis betre i løpet av sesongen, trass i at vi har skifta ut ein del av spelarstallen. Eg er heilt sikker på vi har eit betre lag no enn då vi starta serien i fjor, seier trenaren.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...