Møre

Møre

U17-NM i Volleyball:

Volda til topps

F.v. (bak): Ådne Fagerli Festøy, Andreas Grønnevik Flåskjer, Asbjørn Bae, Emil Kilvik Helset. F.v. (framme): Fredrik Hessegjerde, Sturla Nedrelid Heggen, Truls Bernås, Elias Eide Brattli. Foto: KFUM Volda Volley

G17-laget til KFUM Volda Volleyball er Noregsmeistrar. Laget gjekk heilt til topps i turneringa etter at dei vann 2–0 mot Tønsberg i finalen. – Dette har vore ei heilt fantastisk volleyballhelg, seier trenar Erlend Bae.

Møre
Møre

Publisert:

– Før turneringa var målsetjinga ein plass i semi-finalane. Den målsetjinga nådde vi. Og litt til, ler trenar Erlend Bae.

– Det har vore eit heilt fantastisk volleyballhelg, og det kjennest utruleg å kunne ta med gullmedaljar heim til Volda. Det byrjar å bli lenge sidan det skjedde sist. Eg har trena desse gutane sidan dei gjekk i fjerde og femteklasse og eg er stolt over dei flotte haldningane dei har vist, både mot lagkameratane sine, motstandarlaga og dommarane. Dei har hatt ei fantastisk innstilling, seier Bae.

Ubesigra gjennom gruppespelet

Volda-gutane fekk automatisk plass i kvartfinalane etter at dei gjekk ubesigra gjennom gruppespelet.

– Vi møtte Strand-Ulv, Torvastad og Kristiansand i gruppespelet, og hadde god kontroll i desse kampane. Men kvartfinalen vart ein tøff kamp, fortel Bae.

Der møtte dei Dristug.

– Det er ein klubb som er heilt i toppen for aldersbestemte lag. Dei slo Volda i semi-finalen i U19-NM førre helg, og gjekk heilt til topps i turneringa. Vi visste dette kom til å verte vanskeleg, men etter eit jamt og spanande tredjesett vann vi kampen 2–1.

Møtte Tønsberg i finalen

Volda møtte Viking i semi-finalen, og Bae beskriv kampen som ein «thriller».

– Viking var rekna som ein av favorittane før turneringa, og det var stort å vinne denne kampen. Laga følgde kvarandre tett i førstesettet, men vi vann knapt 25–23. Vi byrja andresettet svakt, og låg under 4-1, før spelarane tok ansvar og viste kva som bur i dette laget. Dei spelte slik vi omtrent aldri har sett dei spele før, og serva Viking i senk. Vi tok fullstendig kommandoen i kampen, og vann til slutt settet 25-14, seier Bae.

Den dramatiske 2–0 sigeren mot Dristug sende KFUM Volda G17 til finalen, der dei møtte Tønsberg. Volda fortsette det gode spelet, og det vart aldri spanande i finalen.

– Laget spelte god og solid volleyball, og gjorde få feil. Gullet var aldri truga og vi vann begge sett med siffera 25–17 og 25-16, fortel trenaren til dei ny Noregsmeistrane.

Fire frå Volda på "All Star"-laget

Fire spelarar frå Volda sitt meisterlag vart tekne ut på turneringslaget, eller «All Star»-laget, i NM. Fredrik Hessegjerde vart teken ut som midt, Sturla Heggen som libero og Asbjørn Bae som kant. Andreas Flåskjer vart kåra til beste spelar i turneringa.

– Vi er stolte over at vi har halve laget med på turneringslaget, men det kunne like gjerne ha vore dei fire andre på laget som vart valt ut. Nøkkelen til gullet har vore at vi har vore ei sterk lageining utan svake punkt, og alle har gjort jobben sin og spelt godt. Gutane har vist gode haldningar og glede i spelet sitt, og det har vore smil, latter og god stemning gjennom heile turneringa, seier ein stolt trenar.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...