Møre

Møre

Strålande resultat med ny og revolusjonerande metode

Ove Bøstrand og fysioterapeut Gjertrud Haugen. – Dei tilsette er engasjerte og viser stor interesse for pasientane sine, seier Bøstrand.

Ove Bøstrand frå Vanylven fekk sett inn ei hofteprotese etter slitasje. No takkar han Volda sjukehus for god behandling og metoden som vart nytta.

Møre
Møre

Publisert:

I det Møre kjem til kirurgisk avdeling ved Volda sjukehus, er Bøstrand klar for trening med fysioterapeut i korridoren. Lett vippar han beina ned frå sengekanten og spaserer bort til gåbordet som står klart. Det er nesten ikkje til å tru at han berre for eit døgn sidan fekk sett inn ei ny hofte.

Bøstrand klarer seg fint, og bytter raskt ut gåbordet med eitt par krykker.

– Dette er faktisk min andre hofteoperasjon, seier Bøstrand og fortel at han fekk smerter i låret etter ein skitur i 2011. Røntgenbilete viste slitasje i høgre hofte og nokre månadar seinare fekk han sett inn ei hofteprotese.

– Operasjonen var 100 prosent vellukka, men eg kunne knapt gå og var innlagt her i ni dagar. I etterkant følgde ein lang helingsprosess med fysioterapi, tilrettelegging i heimen og mykje trening, seier han.

I november i fjor opplevde Bøstrand det same, men på venstre side.

– Situasjonen er noko heilt anna denne gongen. Berre éin dag etter operasjonen er eg oppe og går. Det er ikkje til å tru, og eg har knapt smerter, seier han entusiastisk.

Fleire nøgde pasientar

Etter ei vellukka treningsøkt i sjukehuskorridoren, viser Bøstrand fram arra etter dei to operasjonane, og det er stor skilnad. Operasjonen i 2011 har etterlete seg eit langt arr, det ferske operasjonsarret på motsett side er berre eit lite sår.

Det vart nytta ein ny og revolusjonerande metode ved denne operasjonen, og Bøstrand er så mobil at han kan reise heim allereie om éin dag.

Overlege i ortopedi, Erik Ostnes, utførte hofteoperasjonen saman med overlege Gunnar Dagslott.
– Vi har operert med muskelsparande fremre tilgang i fire år, og har spesialisert oss på det. No ser vi jamt over meir nøgde pasientar enn tidlegare, seier Ostnes.

Langt betre resultat
Tidlegare nytta dei fleste sjukehus ein direkte lateral tilgang, der ein måtte løyse ifrå ein del muskulatur.

Dr. Amlie ved Lovisenberg sjukehus i Oslo, gjekk gjennom tala frå Norsk leddregister og gjorde ei pasientundersøking. Han oppdaga at ein tredjedel av alle pasientar fekk varig halting etter proteseoperasjonen når ein nytta den tradisjonelle tilgangen.

– Ingen var klar over at tala var så høge, og det førte til eit paradigmeskifte innan protesekirurgien. No har stort sett alle sjukehus skifta metode, og nyttar anten fremre eller bakre tilgang, seier Ostnes.

Studiet til Amlie viste at den fremre og bakre tilgangen gir like gode resultat, men den fremre tilgangen er meir skånsam.

– Ein går inn mellom musklane ved hjelp av spesialinstrument, noko som er meir utfordrande, men gir eit langt betre resultat enn den tradisjonelle tilgangen. Under 10 prosent av pasientane opplev no varig halting og dei kjem seg mykje raskare etter operasjonen, forklarar Ostnes.

Om metoden
Nordmannen Marius Nygaard Smith-Petersen beskreiv metoden allereie på byrjinga av 1900-talet medan han var professor på Harvard i USA. Den vart utvikla vidare av engelskmannen Watson-Jones. Teknikken vart fyrst nytta til å operere lårhalsbrot, men når røntgen vart vanleg, gjekk metoden i gløymeboka i mange år.

For meir enn 15 år sidan tok ein professor i Austerrike opp att metoden for proteseoperasjonar i hofte, og seinare har fleire land og sjukehus hive seg på. Ortopedane ved Volda sjukehus har lært teknikken direkte frå Professor Nogler i Innsbruck og opererer årleg vel 130 protesar i hofter. I tillegg opererast meir enn 70 kneprotesar ved sjukehuset.

Andreplass på landsbasis
Talet på proteseoperasjonar i hofter og kne aukar jamt år for år.
– Vi utfører fleire proteseoperasjonar i hofte enn Ålesund, sjølv om det er eit større sjukehus. Stadig fleire pasientar oppsøkjer oss frå andre stadar i fylket, samt andre landsdelar, seier Ostnes og held fram:

– Volda har blitt veldig gode på denne type operasjonar. Vi er eit lite miljø med få spesialistar innan feltet. Metoden er krevjande, så det er svært gunstig med hyppige operasjonar.

I 2015 publiserte Norsk leddregister ei sjukehusoversikt med tal på ikkje-reopererte primæroperasjonar i hofte etter 10 år, uavhengig av metode. Volda sjukehus låg på andreplass på landsbasis.

Ingen restriksjonar

Sjukehuset har som mål at pasientane skal ha same ortoped heile vegen, både før, under og etter operasjon. Pasientane vert godt informert og førebudd på det som skal skje gjennom eit «Fast Track»-program.

– Fleire studiar har vist at dette systemet gjev mindre komplikasjonar og meir nøgde pasientar. Vi har fått mykje skryt av pasientane for opplegget, seier Ostnes.

Ein av dei som no skryt, er Ove Bøstrand.
– Eg deltok på eit kurs før begge operasjonane, og vart godt informert om inngrepet. Teamet på Volda sjukehus er veldig dyktige. Dei viser stort engasjement for pasientane sine, er imøtekommande og folkelege.

Etter ein halvannan time operasjon og to netter på sjukehus, ser Bøstrand fram til å reise heim. Han har fått beskjed om at det er ingen restriksjonar og han kan køyre på som før.
– No gler eg meg til å stå på ski att. Eg har fått løyve til å bruke snøscooter opp til hytta i påska, men skia vert sjølvsagt med.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...