Møre

Møre

Sykkel-VM for eldre

I år var det Aslaug Jensen som klipte snora under opninga av Sykkel-VM. Foto: Oddhild Harman

Trø til for lagånd, kondis, matlyst, styrke og glede. Sykkel-VM er i gang ved Volda dagsenter for eldre, og alle kan ta del.

Møre
Møre

Publisert:

Det er firmaet Motitech som er arrangør av Sykkel-VM for eldre. Dagsenteret var også med i fjor, og deltakarane opplever dette som meiningsfylt og inspirerande.

- Ved å skape ei festleg ramme rundt arrangementet håper vi at trimmen skal gå som ein leik, fortel teamleiar Ellinor Knardal.

VM-song

Møre fekk vere med på opninga av sykkel VM på måndag. Lokala var pynta med norske flagg, og dei eldre var alle ved godt mot. Som ekte sunnmøringar skal dei opne arrangementet med ein song. Teamleiar Ellinor set seg ved pianoet.

– No har vi laga oss ein VM-song, det er dagsenteret sin eigen VM-song. Den er eigentleg frå i fjor, men den er like god i år, smiler ho.

Alle deltakarane syng saman i kor. Så snart dei er ferdig kjem det frå ein:

- Vi må ta den ein gong til!

Og songen blir sungen igjen.

Snorklipping

Tida er komen for snorklipping. I år er det Aslaug Jensen som skal klippe snora.

- No erklærer eg det norske VM for ope, seier ho til stor applaus frå dei andre deltakarane.

- Så veit vi allereie at de kjem til å gjere ein kjempeinnsats, derfor startar vi med å skåle for oss sjølv, i ekte eplejuice, oppmodar leiar Ellinor.

- Det var bra det ikkje var noko anna, smiler ei dame.

Ein mann ved sidan av henne spør med eit lurt smil:

- Er det dop?

– Nei, det er ikkje dop, svarer Ellinor.

– Jammen, du veit sykkel-VM og dop, seier mannen tilbake, med eit stort smil.

Stemninga er god og deltakarane skåler i eplejuice.

Distansen brukaren syklar blir registrert og sendt inn, dei aller beste avdelingane får premiar, så det gjeld å stå på. Men den viktigaste premien er god helse, og det får ein gjennom arbeid og innsats.

Motivert

Sykkel-VM skal gå føre seg i nesten ein månad, frå 3. til 28. september. Det er Magnhild Kippersund som først trår til. Ho er ein pensjonert lærar og veldig sprek, men kan fortelje at dette er første gongen ho brukar desse syklane.

– Dette er noko nytt, men det er veldig kjekt. Eg kjem nok heim med gongesperre i dag, ler ho.

Aslaug Jensen vil også prøve seg på sykkel-VM, ho set seg ved ein av dei enkle trøpedalane som er kjøpt inn.

- Eg har prøvt syklinga mange gongar, seier ho.

Motiview

- Det er veldig kjekt at dei kan sitte i stova å sykle rundt i Volda, meiner teamleiar Ellinor.

Motiview er ein relativt ny type sykkel og eit motivasjonsverktøy som stimulerer til auka fysisk aktivitet. Ein brukar levande bilete og lyd, og brukarane kan såleis dra på sykkeltur i kjende omgjevnadar, eller til stadar dei har lyst å besøkje.

Det var Volda sanitetslag som søkte midlar i Gjensidigestiftelsen (for Volda kommune) til å kjøpe syklane. Fire syklar vart kjøpt av desse midlane, og ein sykkel vart finansiert av midlar frå helsedirektoratet.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...