Annonse
Møre

Vil kartleggje kongeørnbestanden

(Illustrasjonsfoto)
 Foto: Tore Aarflot

(Illustrasjonsfoto) Foto: Tore Aarflot

Lytt til teksten Stopp opplesingen

Faunafokus AS, drive av Oddvar Olsen frå Volda, vil gjere ei systematisk undersøking av hekkebestanden av kongeørn i Volda og Ørsta. Det er ti år sidan sist ei slik undersøking vart gjort.

Publisert:

Annonse

- Ungeproduksjonen har i fleire år vore dårleg. Nokre tilfeldige reir vart sjekka i 2022 av meg og fleire, og viste ein svært låg ungeproduksjon. Det para som er ute ved kysten, produserte betre enn para inne i dalane, skriv Olsen i ein søknad til Ørsta kommune om å dekke utgifter til mat og frakt for å få gjennomført undersøkinga.

Han reknar med å bruke om lag ti dagar på undersøkinga, og vil nytte kikkert og teleskop frå avstand for å ikkje forstyrre fuglane. Resultatet vert presentert med ein kort rapport til kommunane, som gir svar på noverande hekkebestand i forhold til i 2013, talet på aktive par og ungeproduksjon i 2023. Olsen reknar med minimum to besøk på kvart av territoria, eit i reirbyggingstida i mars og april og eit i ungetida i juni og juli.

blog comments powered by Disqus