Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Dennis Hauger hoppar to plassar opp i Formel 2-kvalifiseringa som følgje av at Liam Lawson og Ayumu Iwasa gjorde seg skuldig i regelbrot.
andreas.jakobsen@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 27.05.2022 kl 13:08
Sist oppdatert: 27.05.2022 kl 18:57
Det stadfestar Det internasjonale bilsportsforbundet (Fia).
Haugar vart opphavleg nummer elleve, men blir flytta to plassar opp som følgje av straffene mot Lawson (New Zealand) og Iwasa (Japan). To hakk opp vil gjere at han startar sprintløpet laurdag frå nest best startspor og som nummer ni i hovudløpet laurdag.
F2-reglane tilseier at rekkjefølgja på start i sprintløpet blir snudd på hovudet for dei ti beste i kvaliken. Søndag startar bilane etter plasseringa dei fekk fredag.
Lawson får fem plassar straff som følgje av regelbrotet, medan Iwasa blir flytta ned ti plassar.
Drugovich gjekk i barrieren heilt på tampen av sin siste runde då det berre stod att sekund av kvalifiseringa til Monacos Grand Prix.
Etterpå var Lawson klar på at han ikkje tok for mykje risiko med å køyre fort forbi ein stillståande Drugovich.
– Eg køyrde forbi med masse plass mellom oss. Eg såg han nesten ikkje før det var for seint, sa 20-åringen.
Episoden førte til to gule flagg, og Aurskog-guten Hauger følgde regelverket og bremsa ned farten.
Førarane skal sleppe på gassen for å overhalde tryggleiken på banen i slike situasjonar. Det gjorde ikkje Lawson og Iwasa, som begge sette bestetider på siste runde etter Drugovich' uhell.
I etterkant vart det klart at dei to var under etterforsking for det, og no er det klart at dei begge blir deplasserte og hamnar bak Hauger i totalen etter kvalifiseringa.
Mykje har gått gale for Hauger i sesongstarten. Han har hatt uflaks i ei rekkje løp, og sist helg vart det berre ein 13.-plass i hovudløpet i Barcelona.
(©NPK)
Formel 2-førar Dennis Hauger køyrer i helga i ikoniske omgivnader i Monaco. Foto: Lise Åserud / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.