Klargjør siden...

Nytt forsøk på å lokke Taliban til forhandlingsbordet

(NPK-AFP): Utsendingar frå Afghanistan, Pakistan, USA og Kina møtest måndag i Kabul i ei forsøk på å legge til rette for fredsforhandlingar med Taliban.

– Dette møtet er viktig ettersom det vil fokusere på eit vegkart til fred i Afghanistan, seier ein talsmann for afghansk UD, Ahmad Shekib Mostaghni.

Utsendingar frå dei fire landa møttest i førre veke i Islamabad. Pakistan skal der ha lagt fram ei liste over Taliban-toppar som har sagt seg villige til å forhandle, men det er ikkje kjent kven dette er.

Pakistan, som tradisjonelt har støtta Taliban i Afghanistan, lykkast i juli med å lokke opprørarane til forhandlingsbordet.

Den prosessen vart kortvarig, som følgje av indre strid i Taliban, løyst ut av nyheita om at den mangeårige leiaren mulla Omar var død.

Taliban har dei siste månadane trappa opp angrepa kraftig og festa grepet i stadig større område av Afghanistan. Det kan vere teikn på at dei ønskjer å styrke sin posisjon før dei innleier forhandlingar, trur enkelte. (©NPK)

Annonse