Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Eit nytt kypriotisk flyselskap, Cobalt, startar i juni flygingar frå Kypros til Hellas og Storbritannia. Målet er å bli eit stort lågprisselskap med flygingar til både Kina, USA og Sør-Afrika.
npk@npk.no
Publisert: 18.05.2016 kl 18:59
– Vi har skapt over 100 nye lokale arbeidsplassar, og det kjem fleire hundre etter kvart. Kypros treng og fortener eit sterkt flyselskap med globale ambisjonar, seier styreleiar Gregory Diacou.
Selskapet har òg planar om å fly til fleire andre europeiske land og til Israel, Libanon, Russland, Iran og Egypt.
Det statseigde flyselskapet Cyprus Airways gjekk konkurs i januar 2015, og sidan har kypriotane vore utan eit eige flyselskap. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.