Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): I juni opnar Statens vegvesen den nye turistvegattraksjonen Utsikten, eit utkikkspunkt som balanserer på kanten av Gaularfjellet.
npk@npk.no
Publisert: 17.02.2016 kl 13:30
Betonglandemerket ligg på Gaularfjellet, som er ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg. I tillegg til å vere eit utkikkspunkt 700 meter over havet, inneheld Utsikten amfi, toalett og parkering.
Det er lagt opp til at besøkjande kan bevege seg ut i terrenget, rundt og til dels under utsiktsplattforma, opplyser Statens vegvesen, som er byggherre for prosjektet. Arkitektane i Code vann konkurransen om å planleggje Utsikten i 2008.
– Ambisjonen var å famne heile rasteseansen i eit stort grep med større mangfald, fortel arkitekt Eivind Nygaard i Code. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.