Nytt vikingskip funne i Vestfold

Det er funne ei skipsgrav i Borreparken i Vestfold, sannsynlegvis frå vikingtida, opplyser Vestfold fylkeskommune. - Ein historisk dag, seier miljøministeren.

På ei slette blant dei store gravhaugane i Borreparken er det funne ei skipsgrav, sannsynlegvis frå vikingtida. Fylkeskommunen kunngjorde nyheita på ein pressekonferanse ved Midgard vikingsenter på Borre i Vestfold måndag.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) var til stades under pressekonferansen og fekk òg sjå funnstaden på nært hald.

- Tenk, eg står no oppå skipet. 5-10 centimeter under meg er funnet. Dette er veldig spennande og gjer meg oppriktig glad, seier ein begeistra Elvestuen til NTB.

Han kallar dette er ein historisk dag for Noreg.

- Funnet er heilt unikt og er ei nyheit som vil bli lagt merke til over heile verda. Dette er viktig for Vestfold, for Noreg, men også for forståinga for europeisk historie og verdshistoria, seier Elvestuen til NTB.

Unikt funn

Området er no freda, og Riksantikvaren avgjer kva som skal bli gjort vidare. Funnet er gjort ved hjelp av georadar. Bilda viser ei tydeleg båtform, opplyser Vestfold fylkeskommune.

Det vart òg brukt georadar då Jellestadskipet vart funne i Østfold i oktober 2018.

- Dette er viser kva vi kan finne med ny teknologi. Vi kan lære mykje meir om historia enn vi hadde trudd og gjere langt fleire funne enn tidlegare, seier Elvestuen til NTB.

- Bilda viser ei båtform, og vi kan sjå svake spor av ei sirkulær fordjuping rundt båten. Kanskje indikerer dette at det har vorte fjerna ein haug på staden, seier Terje Gansum, seksjonssjef for kulturarv i Vestfold fylkeskommune.

Vidare undersøkingar

Kor mykje som er bevart under torva, er førebels ikkje klart.

- Vi skal no undersøke funnet med fleire inngrepsfrie metodar og gjenta bruk av georadar, seier Gansum.

Definisjonen på eit vikingskip er at farkosten er femten meter eller lengre. Farkostar under dette blir definert som båt.

- Når det gjeld funnet på Borre, er ikkje dataa frå undersøkingane knivskarpe, så det er vanskeleg å avgjere ned på desimeteren kor lang denne farkosten har vore, opplyser Fylkeskommunen.

Fleire skip i Vestfold

Tidlegare i Europa er det registrert 13 skipsgravleggingar frå perioden 570-1050. Tar ein med Jellestadskipet er dette talet 14. Undersøkingane rundt dette skipet er enno ikkje klare. Av skipshaugar frå vikingtida (800-1050) er det berre funne sju.

Det er ikkje fastslått nøyaktig kor gammalt skipa på Borre er, men fylkeskommunen anslår at skipsgrava er frå vikingtida.

I Vestfold er det frå før av funne tre skip - Osebergskipet, Gokstadskipet og Klåstadskipet.

Det har òg tidlegare vorte brukt georadar på Borre, og det er funne minst fire hallbygningar.

Miljøminister Ola Elvestuen (V) i Borreparken i Vestfold der det er funne ei skipsgrav som sannsynlegvis stamma frå vikingtida. Det gule tauet markerer omfanget av skipet. Foto: Jo Randen / KLD / NTB scanpix