O-løp: 3.-plass til Hennum i ungdoms-EM

(NPK-NTB): Tilla Farnes Hennum sprang inn til 3.-plass på langdistanse under ungdoms-EM i orientering i polske Jaroslaw fredag.

Det var ein god norsk dag der Synne Strand kjempa om pallplass lenge, men ho vart til slutt nummer fire.

I klassen for menn vart det også 4.-plass til Vegard Gulbrandsen.

Ungdoms-EM held fram med stafettar laurdag og sprint søndag. (©NPK)

Annonse