Annonse

Obama: – USA bør vere landet som kurerer kreft

(NPK-NTB-Reuters-AFP): President Barack Obama erklærte tysdag at USA vil starte ein nasjonal innsats for å finne ein kur mot kreft.

Det kom fram i den årlege talet til Obama om rikets tilstand, State of the Union, som han held for siste gong som president.

– For dei kjære vi alle har mista, for familien vi framleis kan redde – la oss gjere USA til landet som kurerer kreft éin gong for alle, sa Obama.

Presidenten avslørte samtidig at visepresident Joe Biden vil leie arbeidet med den nasjonale innsatsen for å finne ein kreftkur. Biden mista sjølv sin son i hjernekreft i fjor, ei medverkande årsak til at han skrinla planane om å stille som kandidat til presidentvalet i haust.

I talen lova Obama også at han vil presse Kongressen til å finansiere kampen mot malaria i Afrika. (©NPK)