Klargjør siden...

Obama besøkjer moské for første gong

(NPK-NTB-AFP): For første gong sidan han vart USAs president, besøkjer Barack Obama ein moské. Besøket blir sett på som eit symbolsk handslag for å imøtegå den fiendtlege retorikk mot muslimar.

Moskeen som får besøk, er Islamic Society of Baltimore i Maryland, ikkje langt frå Washington. Her skal han blant anna møte lokale leiarar og folk frå kyrkjelyden. Føremålet med besøket er blant anna å forsvare religionsfridomen i ei tid då islamfiendtleg retorikk blir stadig vanlegare i USA.

Det er første gong Obama besøkjer ein av USAs over 2.000 moskear i dei sju åra han har vore president. Han har likevel fleire gonger vore i moskear under utanlandsbesøk, blant anna i Malaysia, Indonesia og Egypt.

Obama har fleire gonger den siste tida appellert til amerikanarane om å avvise antimuslimske utspel frå politikarar, blant dei den republikanske presidentkandidaten Donald Trump.

Trump har blant anna gått inn for å nekte alle muslimar innreise i USA etter masseskytinga i San Bernardino der eit muslimsk par skaut og drap 14 menneske. (©NPK)

Annonse