Klargjør siden...
Annonse

Obama fordømmer bygging av murar

(NPK-NTB-DPA): USAs president Barack Obama oppfordra til globalt samarbeid i staden for isolasjon og bygging av murar i sin siste tale til FNs hovudforsamling.

Den amerikanske presidenten sa at verdas nasjonar slit med ei øydeleggjande flyktningkrise, terrorisme og eit samanbrot i samfunnsstrukturen i Midtausten i talen tysdag.

Han påpeikte òg at folk ser ut til å miste trua på offentlege institusjonar, og at konfliktar mellom nasjonar er i ferd med å spinne ut av kontroll. Dette skjer samtidig som mange land er blitt både rikare og fredelegare.

– Dette er eit paradoks som definerer verda vi lever i i dag. Men vi må gå framover, ikkje bakover, sa Obama.

Han understrekar at aggressiv nasjonalisme og populisme på ingen måte løyser verdas problem.

– I dag vil ein nasjon som er omringa av murar, berre fengsle seg sjølv, sa Obama, tilsynelatande som eit stikk til den republikanske presidentkandidaten Donald Trump.

Presidenten maner heller til fellesskap og global integrasjon, men understrekar samtidig at kursen mot global integrasjon må korrigerast.

– Vi må avvise alle formar for rasisme, fundamentalisme eller tro på at ei etnisk gruppe er heva over ei anna.

Presidenten etterlyste òg at FNs medlemsland må arbeide endå raskare mot å nå klimamåla som blei sett i Paris i 2015. Samtidig bad han verdssamfunnet samarbeide om å hjelpe fattige land slik at dei kan unngå å forureine meir enn nødvendig. (©NPK)

Annonse