Obama i strupa på uttalane til Trump om muslimar

(NPK-NTB-AFP-AP): Uttalane til Donald Trump om muslimar er i strid med amerikanske verdiar og skadar kampen mot ekstremisme, slår USAs president Barack Obama fast.

– Vi er i ferd med å sjå kor den slags retorikk, slurv og lausmunna prat om kven det eigentleg er vi kjempar mot, kor det kan føra oss, seier Obama til pressa i Det kvite hus tysdag.

Han meiner uttalane til Trump ikkje representerer det «Amerika vi ønskjer oss». Presidenten går også hardt ut mot forslaget til den republikanske presidentkandidaten om å forby utanlandske muslimar innreise til USA. Trump tok opp att forslaget dagen etter massakren som kosta minst 49 menneskeliv på ein homobar i Orlando.

Slike uttalar gjer at amerikanske muslimar føler at styresmaktene sviktar dei, meiner Obama. Han seier at USA ikkje blir noko tryggare dersom ein behandlar muslimar annleis. Snarare vil det kunna gjera landet mindre trygt ved å styrkja ei oppfatning blant IS-tilhengjarar om at Vesten hatar muslimar.

– Vi har gjennom historia til tider handla basert på frykt, noko vi sidan angra på, seier presidenten.

Obama uttalte seg til pressa etter eit møte med dei nasjonale tryggingsrådgjevarane sine om trusselen frå IS. Mannen som utførte angrepet i Orlando, var fødd i USA, og under massakren ringde han politiet og erklærte truskap til ekstremistgruppa. (©NPK)

Annonse