Klargjør siden...

Obama kritiserer Republikanarane for å snakke ned USAs økonomi

(NPK-NTB-Reuters): Presidenten i USA, Barack Obama, skuldar dei republikanske kandidatane for å måle eit skremmebilde av den amerikanske økonomien i nominasjonskampen til presidentvalet.

Det amerikanske folket fortener ikkje den retorikken som Republikanarane bruker under valkampen, slår Obama fast. Han etterlyser ein debatt om det amerikanske budsjettet, om politiske tiltak som kan føre til auka lønningar for folk.

– Det er det vi bør debattere. Ikkje fantasi. Ikkje skjellsord. Ikkje forsøk på å snakke ned den amerikanske økonomien, sa Obama til pressa i Det kvite hus fredag.

– Det er eit stort sprik mellom retorikken der ute og den reelle suksessen vi ser i USAs økonomi, la presidenten til. (©NPK)

Annonse