Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP-TT): President Barack Obama åtvara mot Russlands militære opptrapping i Europa da han talte etter eit møte med Erna Solberg og andre nordiske leiarar i Washington.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 19:45
– Vi står saman i vår uro for Russlands aukande aggressive militære nærvær og haldning i den baltisk-nordiske regionen, sa Obama.
Nordområda og Russland stod høgt på dagsordenen for møtet fredag. USA og dei nordiske landa står saman i fordømminga den russiske annekteringa av Krimhalvøya.
– Vi er einige om at vi støttar Krimhalvøya, sa Obama.
Han skildra møtet med dei nordiske leiarane som produktivt.
– Det var eit nyttig og godt møte. Det einaste problemet vi har, er at vi er for einige, sa han lattermildt til pressa i Det kvite hus.
Statsminister Erna Solberg (H) hadde på førehand varsla at ho ville bruke møtet til å minne Obama om Noregs posisjon utanfor EU.
– Eg opplever at USA fekk ei god forståing av at Noreg ikkje er eit EU-land, og kva som er viktig for oss, seier Solberg.
– Det var eit godt møte, som strekar under dei tette banda mellom landa våre. Vi forsterkar forpliktingane våre. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.