Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): – «Galningane» i IS vil prøva å drepa så mange som mogleg viss dei får tak i radioaktivt materiale, sa president Barack Obama då fellesdiskusjonen under atomtoppmøtet i Washington starta.
npk@npk.no
Publisert: 01.04.2016 kl 18:09
– Vi veit at al-Qaida har arbeidd mot det og at folka involvert i angrepa i Paris og Brussel filma ein tilsett ved eit atomanlegg i Belgia, sa Obama då han og fleire enn 50 andre statsleiarar starta diskusjonen under atomtoppmøtet i Washington torsdag.
Presidenten streka under at verdssamfunnet har gjort store framsteg med atomsikringsarbeidet sidan det første atomtoppmøtet i 2010, men at faren framleis er stor.
– IS har allereie brukt sennepsgass og vist at dei er villige til å bruka masseøydeleggingsvåpen. Hadde desse galningane fått tak i atomvåpen, ville dei ha prøvd å drepa så mange som mogleg, sa Obama vidare.
Faren ved skitne bomber, der radioaktivt forureining blir spreidd med ein konvensjonell eksplosjon, blei for alvor kjent etter terrorangrepa i USA 11. september 2001. Men så langt har det ikkje gått av ei slik bombe nokon stad i verda. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.