OBOS-prisane steig 5,2 prosent i 2015

(NPK-NTB): Prisane på OBOS-bustadar har stige 5,2 prosent dei siste tolv månadane.

I alt 8.920 OBOS-bustader skifta hender i 2015. Prisnivået steig med 0,6 prosent frå november til desember, viser dei siste tala frå OBOS.

Prisveksten frå desember 2014 til desember 2015 er på 5,2 prosent.

Prisane har stige endå meir i Oslo-området. Snittprisen låg der 7,3 prosent høgare i desember 2015 enn eitt år tidlegare.

Eiendom Norge legg onsdag fram sine tal for utviklinga i bustadmarknaden samla sett. (©NPK)