Klargjør siden...

Ødegaard blir igjen i London: – Tek det som eit godt teikn

Landslagssjef Ståle Solbakken røpte på pressekonferansen onsdag at ankelskadde Martin Ødegaard ikkje besøkjer landslaget på denne samlinga.

– Det gjer han ikkje. Eg snakka med han i går, og det tek eg eigentleg som eit godt teikn. Det tyder på at han skal trene litt, anten det er på den eine eller andre måten, svarte Solbakken på spørsmål om drammensaren kjem til Oslo for å følgje kampen torsdag.

Ødegaard er ute med ein skade han pådrog seg under førre landskamp mot Austerrike. Torsdag kjem Slovenia på besøk på Ullevaal og då er det Erling Braut Haaland som vil vikariere i Ødegaards fråvær.

– Status på skaden er «Steady Eddy» framover, sa Solbakken.

Ødegaard trakka over og måtte bytast ut i landskampen heime mot Austerrike i nasjonsligaen 9. september. I det 67. minuttet vart han bytt ut med Kristian Thorstvedt. Etter det har han ikkje spelt.

Etter Slovenia-kampen reiser landslaget vidare til bortekamp mot Austerrike på søndag.

Noreg speler i gruppe B3 i nasjonsligaen. Etter to kampar står Noreg med éin siger og éin uavgjort.

(©NPK)

Martin Ødegaard vil ikkje slutte seg til landslagstroppen. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse