Annonse

Ødegaard ikkje i Arsenal-troppen mot Sporting

Arsenal-kaptein Martin Ødegaard er korkje på bana eller benken når London-laget møter portugisiske Sporting i Europaligaen i kveld.

Arsenal la ut startellevaren og innbytarane sine på Twitter ein time før kampstart, og der var ikkje Ødegaard inkludert.

Klubben opplyser mellom anna at Matt Turner står i mål, og at Jakub Kiwior får debuten sin, men ikkje noko om kvifor den norske kapteinen ikkje er i laget.

The Athletic skriv at det dreier seg om sjukdom for nordmannen. 24-åringen reiste til Portugal med troppen sjølv om han kjende seg uvel, melder nettstaden.

Midtbanemann Fábio Vieira skulle opphavleg møtt pressa onsdag, men vart erstatta av Gabriel Martinelli på grunn av ein sår hals. Vieira har openbert komme seg etter det og spelar i staden for Ødegaard.

Det er det første av to oppgjer i åttedelsfinalen av Europaligaen som blir spelt torsdag kveld. Kampstart er klokka 18.45.

(©NPK)

Martin Ødegaard, her saman med Ben White, blir ikkje involvert mot Sporting torsdag kveld. Foto: Kin Cheung / AP / NTB