Ødegaard imponerte i Arsenals første treningskamp – skåra i straffesparkkonkurranse

Martin Ødegaard fekk spele andre omgang og bidra til siger i straffesparkkonkurransen då Arsenal spelte 1–1 i ein treningskamp mot Bournemouth i Los Angeles.

Martin Ødegaard var på benken frå start, men kom inn etter kvilen i treningskampen i natt i Los Angeles, USA. Då leidde London-laget 1–0 etter skåring av Fábio Vieira.

Spanjolen hamra ballen i mål etter 18. minutts spel på Dignity Health Sports Park, heimebanen til LA Galaxy.

Dominik Solankes skot i tverrliggjaren 12 minutt seinare var det næraste Bournemouth kom utlikning i første omgang. Bournemouth hadde overtaket i andre omgang, og det var ikkje ufortent då Antoine Semenyo sette inn 1–1 via ein Arsenal-forsvarar og over ein utmanøvrert Karl Hein i Arsenal-målet.

Etter skåringa pressa Arsenal på for skåring, men fleire mål vart det ikkje. Det var avtalt at kampen skulle gå til straffesparkkonkurranse uansett resultat etter full tid.

Der var det Arsenal som gjekk sigrande ut. Martin Ødegaard tok den første straffa for London-laget og skåra.

Arsenal mønstra eit ungt mannskap frå start, medan Bournemouth stilte eit lag med fleire førstelagsspelarar. Ødegaard viste at han ikkje har mista forma i løpet av sommaren. Drammensaren leverte fleire finessar og var nær ved å gjere 2–0 etter eit frispark frå langt hald.

Arsenal møter Manchester United i neste treningskamp – natt til søndag norsk tid.

(©NPK)

Martin Ødegaard og Arsenal spelte sin første treningskamp denne sommaren mot Bournemouth. Arkivfoto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Annonse