Klargjør siden...
Annonse

Ødegaard signerte ny langtidskontrakt med Arsenal: – Han er elska av alle

Martin Ødegaard blir verande i Arsenal. Han har underteikna ein ny avtale og blir etter seiande den best betalte spelaren til Premier League-klubben.

Det er Arsenal som stadfestar den nye kontrakten til den norske landslagskapteinen fredag. Ifølgje BBC har avtalen varigheit på fem år.

Ødegaard vart henta til Arsenal på permanent basis i 2021, etter å ha vore på lån i klubben frå Real Madrid same år. Sidan har han vorte ein av manager Mikel Artetas aller mest fortrudde menn.

– Dette er gode nyheiter for klubben og laget. Eg er verkeleg glad på hans vegner. Dette viser berre at det er mange måtar å komme seg fram og opp på. Han er elska av alle, sa Arteta på pressekonferansen fredag.

Denne sesongen har han gjort Ødegaard til kaptein. Ifølgje The Athletic gjer kontraktsforlenginga nordmannen til Arsenals best betalte spelar.

– Historia mi er kanskje litt annleis enn andre sin, sidan eg har flytta rundt til ulike klubbar sidan eg var 16 år. Sidan den første dagen eg kom hit, har eg kjent meg bra i Arsenal, og dette er definitivt heimen min no, seier Ødegaard i ei fråsegn.

– Eg vil berre seie takk til alle som jobbar i klubben og sjølvsagt dei fantastiske supporterane våre. Eg skal halde fram med å gi alt for å bringe suksess til denne klubben i åra som kjem, seier han.

Til Drammens Tidende seier fotballstjerna:

– Eg er veldig glad og stolt, og har ei veldig god kjensle etter å ha bunde meg her endå lenger. Her har eg kjent meg heime frå dag éin. Det var eit enkelt val.

Blir hylla

Arsenals sportsdirektør Edu er glad for å ha med kapteinen vidare.

– Å bli samde om ein ny kontrakt med Martin er gode nyheiter for oss alle. Han er kapteinen vår, ein erfaren landslagsspelar og ein spelar som gir oss så mykje kvalitet og glede kvar gong han spelar for oss, seier han.

– Martin er framleis berre 24 år gammal, så han har framleis mykje meir å bidra med, og vi er glade for at vi skal vere saman i åra som kjem. Målet vårt er å behalde våre beste spelarar, og med Martin no på plass, er vi glade for å ha langsiktige kontraktar med ei rekkje av våre viktigaste unge spelarar, legg han til.

Manager Mikel Arteta er tydeleg på Ødegaards rolle i klubben.

– Det at Martin signerer ein ny langsiktig kontrakt er gode nyheiter for alle som er knytt til Arsenal. Han er kapteinen vår og ein enormt respektert person i klubben. Han er eit stort førebilete og svært profesjonell, og står for kvalitet og modnad i alt han gjer, seier spanjolen.

Mange utlån

Ødegaard byrja seniorkarrieren i Strømsgodset, før han vart henta til Real Madrid på ein høgprofilert overgang i 2015. Deretter vart det utlån til Heerenveen, Vitesse og Real Sociedad.

Midtbanestjerna står bokført med 53 landskampar og tre mål for Noreg.

– Som manager er det å jobbe med personen og spelaren Martin ei absolutt glede, seier Arteta.

Tidlegare denne veka var 24-åringen tonegivande då Arsenal rundspelte PSV Eindhoven med 4–0 i Meisterligaen. Ødegaard skåra det siste målet.

Han vart i etterkant nominert i kåringa rundens spelar i Champions League av Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

(©NPK)

Martin Ødegaard forlengjer med Arsenal. Foto: Kin Cheung / AP / NTB

Annonse