Klargjør siden...

Ødegaard skåra to mot Milan – stod opp for lagkameratane

Martin Ødegaard var sist på begge mål, det første eit fint frispark, då Arsenal slo Milan 2–1 i Dubai. Han stod også opp for ein lagkamerat.

Sandro Tonali gjekk hardt inn i fleire taklingar. Då Fábio Vieira vart liggjande etter ein duell med Tonali, skjelte Ødegaard ut Milan-spelaren.

– To gonger! Det er ein treningskamp, brølte Arsenal-kapteinen så alle på pressetribunen høyrde både det og bannordet han brukte.

Sjølv teikna han seg på skåringslista to gonger. Snautt midtvegs i første omgang tok han frispark frå litt over 20 meter litt til høgre. Han skrudde ballen over den hoppande muren slik at han duppa ned i næraste hjørne utan sjanse for målvakt Ciprian Tatarusanu.

Leiinga vart dobla rett før pause. Eddie Nketiah vann ballen høgt på banen etter eit dårleg utspel frå målvakta og sette opp Reiss Nelson for skot. Ødegaard prøvde å komme ut av vegen, men ballen trefte standbeinet hans og utmanøvrerte målvakta.

Fikayo Tomori nikka inn reduseringa i det 78. minuttet på frisparkinnlegg frå Tonali.

Arsenal er med sigeren tysdag vinnar av turneringa og reiser heim for å møte Juventus laurdag i ein siste treningskamp før sesongen held fram etter VM-pausen.

(©NPK)

Martin Ødegaard skåra på frispark for Arsenal i treningskampen i Dubai tysdag. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK

Annonse