Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Syriske opprørarar og kurdisk milits, støtta av amerikanske spesialsoldatar og kampfly, har innleidd ein offensiv mot det IS-kontrollerte Manbij-området nord i Syria.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 08:12
Amerikanske kjelder stadfestar overfor Reuters at militæroffensiven starta tysdag, etter fleire veker med førebuingar.
Kjeldene seier og at det truleg vil ta fleire veker å nedkjempe dei ytterleggåande islamistane i området, som ligg langs grensa til Tyrkia og har stor strategisk betydning.
IS har lenge nytta Manbij-området for å frakte forsyningar og framandkrigarar over grensa.
Styrkane som no leier an i offensiven mot området er i hovudsak syriske arabarar, sjølv om også den kurdiske YPG-militsen vil spele ein sentral rolle.
Tyrkia reknar YPG for å vere terroristar og er djupt skeptiske til at dei skal overta kontrollen i grenseområda. (©NPK)