Klargjør siden...

Offentlege kontor i USA held stengt i snøkaoset

(NPK-NTB): Offentlege styresmakter i Washington-området vil halde stengt måndag, som følgje av den kraftige snøstormen i helga.

Den amerikanske hovudstaden har rykte på seg for lett å bikke under for snø, og no blir påstanden bekrefta.

Måndag vil kontora til offentlege styresmakter i byen halde stengt. I tillegg har Representanthuset i Kongressen avlyst alle avstemmingar fram til neste laurdag, mens Senatet har valt å utsette si første avstemming frå tysdag til onsdag, som følgje av snøkaoset i kjølvatnet av stormen. Alle skulane i Washington – og i nokre av forstadane – vil vere stengt måndag.

Til saman fall det over 51 centimeter med snø i den amerikanske hovudstaden i helga, mens det i nokre av dei omkringliggjande områda fall opp mot ein meter. Snøfallet er det fjerde største som er registrert nokosinne i byen.

Snøstormen ramma heile austkysten, og til saman mista minst 20 menneske livet i fleire forskjellige delstatar. (©NPK)

i Kongressen har avlyst alle avstemmingar i neste veke, som følgje av snøkaoset. Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix.

Annonse