Offisersforbundet: Forslaget svekkjer forsvarsevna

(NPK-NTB): Norges Offisersforbund meiner at forslaget til langtidsplan for forsvarssektoren betyr ei svekking av forsvarsevna.

Befalsorganisasjonen er særleg kritisk til nedlegginga av Kystjegerkommandoen i Harstad og den foreslåtte flyttinga av helikopterbasen frå Bardufoss til Rygge.

– Forsvarsevna vil bli redusert med forslaget frå regjeringa. Ambisjonane blir òg reduserte økonomisk fordi Nato-målet om å bruke 2 prosent av BNP på Forsvaret ikkje blir oppfylt, seier leiaren i Norges Offisersforbund, Egil Andre Aas, til NTB.

Han seier det er direkte uforsvarleg å flytte helikopterstøtta til Hæren frå Bardufoss til Rygge.

Han er glad for at brigadestrukturen blir vidareført, og at ikkje 2. bataljon på Skjold i Indre Troms blir lagt ned.

– Det verkar som om regjeringa speler dette kortet for å skaffe seg eit handlingsrom til å komme unna desse vedtatte investeringane, seier Egil Andre Aas til NTB. (©NPK)

Annonse