Annonse

Ohi Omoijuanfo på veg til Molde

Ifølgje lokalavisa Romsdals Budstikke er Stabæk-spissen Ohi Omoijuanfo på veg til Molde for ein anslått overgangssum på sju-åtte millionar kroner.

Avisa skriv at kontrakten blir ferdigforhandla torsdag.

Stabæk-trenar Henning Berg seier dette til lokalavisa si, Budstikka.

- Reint sportsleg sett skulle eg sjølvsagt gjerne sett at dette hadde skjedd på eit tidlegare tidspunkt. Det å miste ein av dei beste spelarane våre ei dryg veke før seriestart er sjølvsagt ikkje ideelt, seier Stabæk-trenar Henning Berg.

Berg ser likevel realistisk på situasjonen.

- Men sånn er fotballen. Spelarar blir selde og kjøpt heile tida, og for ein klubb som Stabæk, så kan ikkje vi seie nei til ein klubb som Molde, når dei kjem med eit slikt bod, seier Berg.

(©NPK)

Det er truleg berre snakk om tid før Ohi Omoijuanfo er Molde-spelar. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix.