Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Økokrim ankar dommen mot eit oppdrettsselskap på Senja, som i tingretten vart dømt til fem millionar kroner i bot for feilrapportering av lakselus.
npk@npk.no
Publisert: 06.11.2015 kl 11:53
Oppdrettsselskapet Nord Senja Laks AS vart i Senja tingrett dømt til fem millionar kroner i bot, og inndraging av 400.000 kroner. Selskapet vart ikkje idømt rettstap. Økokrim varsla fredag at dei ankar avgjerda frå Senja tingrett knytt til storleiken på bota og avgjerda om å ikkje idømme rettstap.
I 2012 hadde selskapet 15 gonger så mange lakselus per fisk som tillate, men dette vart halde skjult for Mattilsynet. Selskapet har sjølv innrømt at det er gjort fleire feil i rapporteringa av lakselus, men meinte sjølv at to millionar kroner var ei passande straff. I tingretten bad Økokrim tingretten om å dømme selskapet til sju millionar kroner i bot.
I tingrettsdommen frå 19. oktober vart tidlegare dagleg leiar i selskapet dømt til seks månaders fengsel for feilrapportering av lakselus. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.