Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Nord Senja Laks vart i mai idømt ei bot på 5 millionar kroner for feilrapportering av lakselus. No anker Økokrim saka vidare til Høgsterett.
npk@npk.no
Publisert: 08.06.2016 kl 15:41
Hålogaland lagmannsrett dømte 25. mai selskapet til ei bot på 5 millionar kroner i tillegg til inndraging av 400.000 kroner. Ein tidlegare dagleg leiar i selskapet vart dømt til fengsel i seks månader for falsk rapportering, for å ha latt vere å rapportere og for ikkje å ha sett i verk tiltak mot lakselus i fiskeoppdrettsanlegget til selskapet.
Førekomsten av lakselus var fleire gonger langt over grensa for behandling i perioden 2012-2013, samtidig som selskapet unnlét å setje inn tiltak og systematisk feilrapporterte til Mattilsynet om lakselussituasjonen, ifølgje Økokrim.
Selskapet vart ikkje idømt rettstap. Økokrim har no vedteke å anke storleiken på bota og avgjerda om å ikkje idømme rettstap vidare til Høgsterett, opplyser Nord Senja Laks. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.