Klargjør siden...

Økokrim tapte i ulverettssaka

(NPK-NTB): Det er ikkje grunnlag for å bruka mafiaparagrafen mot dei fem jegerane som stod tiltalt for ulovleg ulvejakt, slår Eidsivating lagmannsrett fast.

Lagmannsretten har sett ned straffene mot fire av dei fem tiltalte jegerane og frikjent den siste, skriv TV 2.

49-åringen, som av Økokrim karakteriserte som hovudmannen og initiativtakaren til ulvejakta, har fått redusert straffa frå eitt år og åtte månader til ni månader.

Dei tre andre fekk også kraftig nedgang i straffa dei fekk i Sør-Østerdal tingrett.

Alle fire misser jaktretten i tre år.

– Lagmannsretten fann bevist at alle fire hadde vore med i jakt etter ulv ved Bjørnåsen i Elverum kommune i februar 2014. Den hovudtiltalte blei også dømd for å ha skote ein ulv under åtejakt etter rev i Åmot ein månad seinare. Begge tilfella skjedde i den såkalla ulvesona, der ulven har eit særskilt sterkt vern, heiter det i ei pressemelding frå Eidsivating lagmannsrett.

Økokrim vil at alle dei tiltalte jegerane skulle sona frå seks månader til to år i fengsel, og mista jaktretten i fleire år.

TV 2 har vore i kontakt med Økokrim, som ikkje ønskjer å kommentera saka før dei formelt har fått dommen.

Ankefristen er på to veker frå dommen er forkynt partane. (©NPK)

Annonse