Økokrim vil varetektsfengsle Lunder

(NPK-NTB): Tidlegare Vimpelcom-sjef Jo Lunder vil bli framstilt for varetektsfengsling fredag, opplyser forsvararen hans Cato Schiøtz ifølgje NRK.

Lunder vart arrestert av Økokrim då han kom til Gardermoen frå London onsdag kveld. Han sat i avhøyr torsdag ettermiddag.

Den tidlegare Vimpelcom-sjefen er sikta for grov korrupsjon i samband med Vimpelcoms investeringar i Usbekistan. (©NPK)

Annonse