Økonomisk suksess for X Games Oslo

(NPK-NTB): X Games Oslo heldt seg godt innanfor dei økonomiske rammene sett av dei sjølve og Oslo kommune.

Billett- og sponsorinntekter enda på 8,5 millionar kroner, éin million meir enn estimert, skriv arrangøren i ei pressemelding.

Budsjettet for dei 42 millionar kronene som vart løyvde av Oslo kommune, vart halde. Øvingane trekte i tillegg 10.000 fleire besøkjande enn venta.

– X Games Oslo var eit fantastisk arrangement, og det var flott å sjå den store publikumsoppslutninga og engasjementet blant fansen. Dei spennande konkurransane, det kule innhaldet og dei sterke visuelle uttrykka spelte godt saman og vart delt over heile verda, seier Tim Reed, sjef for X Games i ESPN. (©NPK)

Annonse