Klargjør siden...
Annonse

OL-finalist utestengd for brot på dopingreglementet

Friidrettsprofilen Michelle-Lee Ahye frå Trinidad og Tobago blir utestengd i to år for brot på meldeplikta.

Det stadfesta Friidrettens integritetseining (AIU) tysdag.

Ahye vart nummer seks både på 100- og 200 meter under Rio-OL i 2016. Året etter enda VM-finalen på 100 meter i London òg med same plassering.

Som følgje av tysdagens AIU-rettsavgjerd blir alle resultata til 27-åringen frå perioden 19. april til 30. august i fjor strokne.

Ahye vart suspendert frå konkurransar 30. august i fjor. Det førte til at ho gjekk glipp av VM i Doha ein månad seinare.

Toppidrettsutøvarar har plikt til å seie frå om kvar dei er slik at dopingkontrollørar kan oppsøkje dei og gjere testar. Dersom ein utøvar tre gonger på eitt år ikkje har sagt frå om kvar han eller ho er, eller halde seg borte frå testar, blir det sett på som brot på antidopingreglementet.

Det fører automatisk til ei utestenging på to år.

(©NPK)

Michelle-Lee Ahye (t.h.) er utestengd i to år. Her i aksjon mot Ezinne Okparaebo under VM i friidrett Daegu. Foto: Cornelius Poppe / scanpix.