OL-vinnar med positiv dopingtest
(NPK-NTB-Reuters): Jekaterina Bobrova, som vann OL-gull i kunstløp på heimebane for to år sidan, har levert ein positiv dopingprøve.
Bobvrova var med på det russiske laget som vann gullet i Sotsji i 2014, men tjuefemåringen og ispartnaren Dmitrij Solovjev får ikkje vere med på VM i Boston i slutten av mars.
Det skjer etter at Bobrova har testa positivt på stoffet meldonium.
Etter det Reuters skriv, har Bobrova avvist å få analysert b-prøva, og dermed blir ho truleg stengd ute i to år.
Trenaren kan ikkje skjønne at ho er tatt, og trur ho kan ha fått det i seg ved eit uhell.
– Ho kunne aldri ha gjort dette, og dosen er relativt stor. Ho fekk det i seg dei ein gong dei siste 24 timane av EM. Eg er sjokkert og demotivert av det som er skjedd, seier Alexander Zjulin. (©NPK)